Volda 2 - Fjørtoft 0-0

volda_ftil
Fjørtoft tok eit sterkt poeng borte mot topplaget Volda 2 i kveld. FTIL passerte Sæbø på tabellen etter at dei tapte 10-0 mot Blindheim.

Det var første gong Fjørtoft møtte Volda i seriesystemet.

24.05
18:30
 Volda 2    0-0
 5. divisjon
B
31.05
 Blindheim
 5. divisjon
H
9Herd 218-157
10Hovdebygda14-117
11Fjørtoft4-192
12Sæbø10-331

Fjørtoft-Norborg/Brattvåg 2 0-2

Fjørtoft speler i dag sin første heimekamp for sesongen. Avspark kl. 19:15. Forrige gong Fjørtoft spelte mot Norborg var i 1998. Fjørtoft vann kampen heile 10-0 og sikra med det opprykk til 5. divisjon. Målskorerar den gongen var Erlend Fjørtoft (3), Frode Fjørtoft (2), Rune Otterlei (2), Ole Petter Fjørtoft, Ivar Fjørtoft og Knut Magne Nilsen.

Følg oppdateringer frå kampen på Facebook.

Anbefaler å lese forhåndsomtale av kampen på den flotte heimesida til Norborg.

Bilete frå dugnad i helga

Resized_20180513_175230

Les meir

Herd 2-Fjørtoft 7-1

Guard-Fjørtoft 6-1

Stranda-Fjørtoft 2-0

Fjørtoft tapte 2-0 borte mot Stranda torsdag kveld. Dette var første gong laga møtte kvarandre i seriesystemet.

Det forrige tapet i serien kom for 6410 dagar sidan.

Blindheim er det einaste laget med full pott etter to kampar. Dei slo Guard 4-1 i går.

Hovdebygda-Fjørtoft 2-2

Fjørtoft kom tilbake frå underlege to gongar og spelte 2-2 borte mot Hovdebygda. Kristoffer Hildrestrand og Fredrik Hildrestrand skora måla. Begge skora sitt første mål for FTIL.

Sjå oppdateringer frå kampen på Facebook

lineup_hovdebygda_b

Seriestart i 5. divisjon

Sesongen starta onsdag kveld med Guard-Volda 2. Kampen endte 2-3. Torsdag reiser Fjørtoft til Hovdebygda. Dei andre kampane i den første runda er Norborg/Brattvåg 2-Herd 2, Ellingsøy-Langevåg, Blindheim-Stranda og Skodje-Sæbø. Alle kampane har avspark kl. 18:30.

Treningskamp: Vigra-Fjørtoft 4-3

Fjørtoft tapte den siste treningskampen før seriestart neste veke. Vegard Nybø skora 2. Martin Løken Lie satte inn det siste målet.

Sjå oppdateringer frå kampen her

Sunnmørsposten tipper FTIL på 5. plass

Sunnmørsposten tipper i seriestartmagasinet at Fjørtoft ender på 5. plass i 5. divisjon i år.

Billaget har sjølvsagt fokus på Aafk, men dei har og ein artikkel om Brattvåg og Karl Oskar Fjørtoft. I tillegg ein om 5. divisjon-rivalen Norborg/Brattvåg 2.

Les saka på smp.no (+)

5div


Fjørtoft-Harøy 2-0

Fjørtoft slo Harøy 2-0 i ein treningskamp på Uggedal stadion på torsdag. Vegard Nybø og Jacob Sønderland skora måla. Sjå oppdateringer frå kampen på facebook.

Fjørtoft-Giske 2-1

Fjørtoft slo Giske 2-1 i ein treningskamp på Color Line stadion på torsdag. Joakim Roald og Henrik Omenås skora måla. Dette var Henrik sitt første mål for FTIL.

Målrikt på Color Line stadion

Fjørtoft slo Emblem 6-5 tirsdag kveld i ein treningskamp på Color Line stadion. Måla vart skora av Vegard Nybø, Steffen Grytten, Martin Løken Lie, Hans Edvard Nordang (straffe), Jacob Sønderland og Joakim Roald. Joakim skora sitt første mål for Fjørtoft.

Rollon 2-Fjørtoft 0-3

Fjørtoft slo Rollon 2 i ein treningskamp på Color Line stadion tirsdag kveld. Skjalg Volstad, Vegard Nybø og Ola Skjelten skora måla. Sjå oppdateringane frå kampen i kommentarane under denne videoen på Facebook.

Bla i gamle programhefte

programhefte

Vi har lagt ut dei gamle programhefta FTIL ga ut frå 1985 til 1999. Har du noko vi mangler? Kontakt oss gjerne på post@ftil.no om det.

Bla i dei her

Tap mot Lepsøy

Fjørtoft tapte 0-3 borte mot Lepsøy i ein treningskamp på laurdag.

Treningskamp mot Midsund i dag

Treningskampen mot Midsund er flytta til Midsund stadion pga snø og is på Brattvåg stadion. Midsund vann 2-0.

Første treningskamp i 2018

Fjørtoft møter Midsund 21.februar på Brattvåg stadion. Kampstart 18.20.

Hallo alle fjørtoftvenner

lys

Når laget no spelar i 5. divisjon, set det også krav til betre standard på lyd og lys på stadion. Vi har også konkrete planar om å få bygt skikkelege tribuneplassar til ca 70 personar no i vår. Tribuna skal plasserast på nordsida av grasbana. For å sikre at FTIL greier måla vi har sett oss dette året, startar FTIL no ei kronerulling for å få til ei ekstra økonomisk drahjelp også i 2018. Dette håper vi at DU vil vere med på!

Les meir

Årsmøte i FTIL

Det er årsmøte i FTIL laurdag den 17. februar kl. 1500 på Fjørtoft skule.

Sakliste:
1) Innkalling
2) Årsmelding 2017
3) Rekneskap 2017
4) Planar og dugnardsarbeid 2018
5) Budsjett 2018
6) Orientering om A-laget i 5. divisjon 2018
7) Marknad 2018
8) Val
9) Eventuelt

Eventuelle årsmøtesaker under punkt 9 må meldast skriftleg til styret ved leiar Harald Nordang innan 1. februar.

Sesongoppkjøringen er i gang!?? 2018 blir bra🙏🏻??🔵

A post shared by Fjørtoft Turn & Idrottslag (@fjortofttil) on

Foreløpig terminliste er klar

Fjørtoft er satt opp til å møte Hovdebyga på heimebane i første serierunde den 12. april. 16. mai kjem Norborg på besøk. Sjå oppsettet på fotball.no. Det kan bli endringer fram mot seriestart.

Sesongkort for 2018 til salgs

Kjøp det via Vipps eller send oss ei melding på Facebook.

Gåvetips til jul?

Jubileumsboka er til salgs på Fjørtoft Handelslag.

Stem på klubben i ditt hjerte

Er FTIL "klubben i DITT hjerte?". Klikk deg inn på lenkja og stem. Får vi over 50 stemmer i løpet av døgnet er vi med i trekninga om 10.000,-. Du kan stemme på nytt kvar dag. For kvart døgn vi får 50 stemmer eller meir er vi med i ei ny trekning. Totalt kan vi vere med i 10 ulike trekningar. Stem her.

Hans Edvard og Ove vart årets ildsjeler!

STOLT! 💙💙

Posted by Ragnhild Louise Nordang on Sunday, November 5, 2017

Laga i 5. divisjon neste år

Lag Forrige møte i
serie eller KM
Siste 10 sesongar
Blindheim
1996 (3-6, 1-5)
109,159,177,155,118,118,45,141,200,214
Ellingsøy
1994 (2-2, 1-2)
191,216,73,115,106,144,224,127,141,114
Fjørtoft
-
0,0,0,0,0,0,0,0,0,264
Guard
2017 (2-1, 3-2)
0,0,0,0,0,0,136,167,172,236
Herd 2
-
0,0,0,172,144,0,0,253,164,177
Hovdebygda
1996 (4-2, 1-10)
195,82,255,0,0,128,191,136,214,123
Langevåg
-
123,14,200,177,82,267,123,118,200,86
Norborg
1998 (10-0, 2-1)
200,118,100,109,136,209,81,191,132,73
Skodje
1987
191,205,82,250,118,141,86,264,64,136
Stranda
-
191,227,141,142,127,81,86,205,55,118
Sæbø
2017 (1-1, 2-6)
136,106,100,156,150,236,136,123,262,250
Volda 2
-
0,0,0,0,0,0,0,207,186,136

Oppsummering av sesongen

season_teaser

Les meir

Stem på våre ildsjeler

To av våre ildsjeler, Hans Edvard Nordang og Ove Uhlen Otterlei, er nominert til «Sunnmøres Ildsjel - 2017». Send kodeord Ildsjel 3 til 2242, dersom du ønsker å gi di stemme til desse to og Fjørtoft Turn- og Idrottslag.

Les meir om dette her. Ein kan og avgi stemme med å like dette bildet på Facebook.

Fjørtoft-Sæbø 1-1

Årets siste kamp endte 1-1 på Fjørtoft stadion. Sæbø vann dermed 7-3 samanlagt. Vi gratulerer Sæbø med kretsmesterskapet. Sjå oppdateringer frå kampen på Facebook.

Det ville seg ikkje heilt i KM-kampane, men Fjørtoft har hatt ein flott sesong i comebacket.

På dei 10 kampane om KM-tittel eller kvalifisering til opprykk i historia har FTIL kun ein siger.

Guard slo Åmdal 4-2 i kvalik i dag og rykker dermed opp i 5. divisjon. Dei vann 6-4 samanlagt.

Sæbø-Fjørtoft 6-2

Fjørtoft tapte den første kampen om KM-tittelen 6-2. Vegard Nybø og Hans Edvard Nordang skora måla. Returkampen blir spelt på Fjørtoft stadion neste laurdag. I kvalik om opprykk spelte Åmdal og Guard 2-2.

Fjørtoft spelar borte mot Sæbø i morgon i den første kampen om kretsmesterskapet i 6. divisjon. Kampen går på Sæbø kunstgras kl. 14:00. Følg oppdatering frå kampen her.

Brattvåg rykka opp

Brattvåg skora i sluttminutta og vann 1-0 borte mot Os. Dei rykker dermed opp i 2. divisjon og møter Hødd neste år. Gratulerer til Brattvåg. Og ikkje minst til trenar Karl Oskar Fjørtoft med sitt andre opprykk på 10 dagar.

5. divisjon 2018 (oppdatert)

Fredag vart det klart at Langevåg tek vegen ned frå 4. divisjon saman med Norborg. Valder og Ørsta rykka opp i 4. divisjon på torsdag. Medan Giske, Vigra og Åram/Van.kam rykker ned i 6. divisjon. I tillegg skal Åmdal og Guard spele playoff om den siste plassen frå 6. divisjon.

Laga i 5. divisjon neste år blir dermed:
Langevåg *, Norborg, Blindheim, Herd 2 *, Skodje, Volda 2 *, Hovdebygda, Ellingsøy, Stranda *, Fjørtoft, Sæbø og Åmdal eller Guard.

Lag som FTIL ikkje har spelt mot tidlegare er markert med stjerne. Herd har vore motstander før, men ikkje andrelaget. Det er 30 år sidan sist Fjørtoft møtte Skodje i seriekamp. Forrige møte med Norborg i serien var i 1998. Fjørtoft vann den kampen 10-0.

KM: Fjørtoft møter Sæbø (oppdatert)

Sæbø vann avdelinga si etter at dei slo Hasundgot 4-2. Dei møter dermed FTIL i kampen om KM-tittelen. Trekninga er no klar. Første kamp blir spelt i Sæbø.

22. oktober: Sæbø-Fjørtoft kl. 14.00
28. oktober: Fjørtoft-Sæbø kl. 14.00

Guard møter Åmdal i playoff om den siste plassen i 5. divisjon.

Sæbø vann og avdelinga si ifjor, men då var det ikkje opprykk frå 6. divisjon. Dei tapte 6-5 samanlagt mot Lepsøy i kampen om kretsmesterskapet.

FTIL
2017
Sæbø
61  
Poeng
  284
30  
Kampar
  177
18  
Sigrar
  85
7  
Uavgjort
  29
5  
Tap
  63
74  
Mål
  567
43  
Baklengsmål
  435
2,03  
Poeng per kamp
  1,60
2,31  
Poeng per heimekamp
  1,80
1,82  
Poeng per bortekamp
  1,42
1,69  
Poeng per kunstgraskamp
  1,96
2,53  
Poeng per graskamp
  2,00
11  
Holdt buret rent
  23
7-0  
Største siger
  12-0
1-7  
Største tap
  0-10

Avslutta med nok ein siger

Fjørtoft hadde full kontroll borte mot Blindheim 2 i kveld. Det stoppa til slutt på 5-0. Fleire av skoringane kom etter fint spel. Martin Sundnes skora 1-0 etter flott assist av Aleksander Lunheim. Like etter skora Mathias Fjørtoft sitt første mål for sesongen. 3-0 kom etter et frispark frå langt hold som Lunheim dundra rett i mål.

Etter pause haldte Sundnes oppvisning før han avslutta hardt i tverrligger og inn. Jacob Sønderland avslutta med 5-0 åleine med keeper.

FTIL gjekk dermed ubeseira igjennom sesongen. Laget har slått dei fleste klubbrekordane. For andre gong i historia slapp FTIL inn under eit mål i snitt per kamp. Forrige gong var i 1983.

Onsdag blir det klart kven som blir motstandar i kampen om KM-tittelen.

ftil_unbeaten Foto: Kjell Arne Fjørtoft

Blindheim 2-Fjørtoft

bil_ftil Fjørtoft spelar tirsdag den siste seriekampen for sesongen. Kampstart er kl. 18:30. FTIL vil med poeng gå ubeseira i serien. Onsdag blir det avgjort kven FTIL møter i kampane om KM-tittelen. Sæbø leiar avdelinga med eit poeng framfor Åmdal før siste serierunde.

Oppdaterte spelarprofilar

Lurer du på kva som var høgdepunktet til spelerane i år eller kva som er målsettinga deira neste år?

Les meir

Siger 2-0 og opprykk!

Fjørtoft sikra opprykket etter ein komfortabel siger borte mot Langevåg 2 i kveld.

Les meir

Før kampen: Langevåg 2-Fjørtoft

Fjørtoft speler onsdag den tredje kampen på ei veke. Kampen blir spelt på Langevåg kunstgress 2 kl. 18:30. FTIL treng eit poeng til for å sikre opprykket til 5. divisjon.

Alf Gunnar Furland (Rollon) dømmer kampen. Han har delt ut 26 gule på 12 kampar. Ellers har han tidligere dømt Fjørtoft-Emblem 2 3-1 og HaNo-Fjørtoft 0-6 denne sesongen.

Etter målet mot MSIL har Vegard Nybø skora mot alle lag utanom Lepsøy denne sesongen. Han står med 17 seriemål på 16 kampar.

Fjørtoft-MSIL 4-0

ftil_msil_squad Fjørtoft hadde full kontroll og vann 4-0. Hans Edvard Nordang ga Fjørtoft ledelsen på straffespark. Peter Grytten, Vegard Nybø og Steffen Grytten skora dei andre måla. Fjørtoft treng eit poeng til for å sikre opprykket til 5. divisjon.
For første gong tek FTIL meir enn 50 poeng i ein sesong. Den gamle rekorden var på 49 poeng frå 1989.

Sjå oppdatering frå kampen her

ftil_msil Allereie på laurdag er det ny kamp. Motstandar på Fjørtoft stadion er MSIL. Kampen blir spelt kl. 14:00. Fjørtoft vann bortekampen heile 4-1 i juni. FTIL treng fire poeng på dei siste tre kampane for å sikre opprykk til 5. divisjon.

Fjørtoft vann toppkampen 3-2

guard3 Fjørtoft tok ein sterk siger i toppkampen mot Guard i kveld på Color Line stadion.

Les meir

Før kampen: Guard-Fjørtoft

guard_ftil
Fjørtoft møter Guard til toppoppgjer på Color Line Stadion onsdag 4. oktober kl. 19:00. Laga har fulgt kvarandre tett heile sesongen. FTIL toppar tabellen på betre målforskjell enn Guard. Guard har ein kamp meir spelt etter at dei slo Blindheim 2 denne veka.

Les meir

Fjørtoft-Aksla 3-1

Fjørtoft slo Aksla 3-1. Måla vart skora av Alexander Lunheim og Vegard Nybø (2).

Fjørtoft-Stordal/Ørskog 4-2

fakta_stordal_orskog Fjørtoft vann 4-2 mot Stordal/Ørskog i dag etter skoringer av Hans Edvard Nordang (straffe), Alexander Lunheim og Vegard Nybø (2). Alexander skora i debuten, medan Hans Edvard skora sitt mål nr. 10. Vegard har no 13 mål på 13 kampar!

Dette var FTIL sin 13. siger denne sesongen. Kun i 1989 har FTIL vunne fleire kampar. Då vart det 16 sigrar og opprykk.

Bilete frå Fjørtoft-Harøy

DSC_1263

Les meir

Uavgjort mot Harøy

Fjørtoft snudde 0-2 til 3-2 i lokaloppgjeret, men Harøy utligna på overtid. Målsnikane Hans Edvard Nordang (straffe), Vegard Nybø og Steffen Grytten skora måla. Dei har no henholdsvis 9, 11 og 8 skoringar denne sesongen.

Fjørtoft leder fortsatt avdelinga med ein kamp meir spelt enn Guard. Guard møter Aksla på bortebane på onsdag og må vinne med 6 mål for å gå forbi FTIL.

Sjå oppdateringa frå kampen her.

Bilete frå kampen mot Lepsøy

Les meir

Siger over Lepsøy

Fjørtoft slo Lepsøy 3-1 etter to mål av Steffen Grytten i tillegg til eit sjølvmål. Dette var den 9. strake sigeren til FTIL. Sjå oppdateringene frå kampen her.

Bilete frå kampen mot Sykkylven 2

Les meir

Bilete frå kampen mot Emblem 2

Les meir

Tilbake på topp etter nok ein storsiger

Fjørtoft slo Sykkylven 2 heile 7-0 i dag. Dette var den 8. strake sigeren i serien. Hans Edvard Nordang skora to mål. Eit av dei på straffespark. Ove Otterlei og Peter Elias Grytten skora sine første seriemål i år. Steffen Grytten, Martin Løken Lie og Vegard Nybø skora dei andre måla. Sistnevnte har no 10 mål på 10 seriekampar. Sjå oppdatering frå kampen her.

Tilbake på tabelltopp etter storsiger

Fjørtoft slo HaNo heile 6-0 på bortebane i dag. Dette var den 7. strake sigeren i serien. Vegard Nybø (3), Adrian Håbet, Jacob Sønderland og Martin Sundnes skora måla. Martin debuterte med skoring, medan Adrian skora sitt første mål. Vegard skora sitt 9. seriemål på 9 kampar!

Laget: Eirik Fjørtoft; Jan Tore Fjørtoft, Joakim Roald, Hans Edvard Nordang, Adrian Håbet; Fredrik Hildrestrand, Steffen Grytten, Mathias Fjørtoft, Jacob Sønderland; Vegard Nybø, Martin Sundnes.

Innbyttera: André Fjørtoft, Ola Skjelten, Ove Otterlei, Peter Aksnes.

Les oppdatering frå kampen på Facebook.

Siger og tabelltopp!

emblem2_maal Fjørtoft slo Emblem 2 3-1 i kveld. Dette var FTIL sin kamp nummer 600 i divisjonssystemet. Vegard Nybø, Steffen Grytten og Hans Edvard Nordang skora måla. Guard spelte 1-1 på Lepsøya og mista dermed tabelltoppen til Fjørtoft.

Laget: Eirik Otterlei Fjørtoft, Hans Edvard Nordang, Jan Tore Fjørtoft, Fredrik Hildrestrand, Joakim Roald, Steffen Grytten, Mathias Fjørtoft, Greger Lunheim, Kristoffer Grønmyr, Vegard Nybø, Jakob Sønderland. Innbytera: André Fjørtoft, Ove Otterlei og Ola Skjelten.

Les oppdateringer frå kampen her

Jubileumsboka omtalt

Harald Grytten skriv om jubileumsboka i dagens utgåve av Nytt i uka. Les saka her.

Snart klar for haustsesongen

Herrelaget starter oppkøyringa til haustsesongen med trening denne veka. Torsdag blir det treningskamp mot Norborg i Uggedalen. Kampstart kl. 19:00. Norborg spelar i 4. divisjon og vann Øyacup på Fjørtofta i sommer.

Neste seriekamp er mot Emblem 2 på onsdag i neste veke. Den blir spelt på Fjørtoft stadion med kampstart kl. 19:15.

Oppsummering av sesongen til no

oppsummering

Les meir

Bilete frå kampen mot Blindheim2

Les meir

Storsiger mot Blindheim 2

Fjørtoft tok sommerferie med en solid 5-0 siger mot Blindheim 2 i dag. Vegard Nybø, Hans E. Nordang og Steffen Grytten (3) skora måla. FTIL stilte med følgande lag: Eirik Fjørtoft, Torgeir Garshol, Joakim Jensen Roald, Hans Edvard Nordang, Adrian Håbet, Karl Oskar Fjørtoft, Steffen Grytten, Mathias Fjørtoft, Greger Lunheim, Skjalg Volstad og Vegard Nybø. André Fjørtoft, Sindre Fjørtoft, Ove Otterlei, Jacob Sønderland, Martin Løken og Ola Skjelten kom inn som innbyttarar.

Ravn og Norborg vann Øyacup

Ravn vann dameklassa etter siger 3-1 over Brattvåg J16. I finalen i herreklassa slo Norborg Harøy 4-2 på straffekonk. Stillinga ved ordinær tid var 1-1.

Les meir

Kampoppsettet for Øyacup

oyacup_2017_drone_2

Bortekamp mot MSIL

Fjørtoft møter MSIL i dag på Mauseidvåg kunstgress kl. 14:00. Med poeng vil FTIL ta over ledelsen i avdelinga. Topplaget Guard speler sin neste kamp på onsdag. Fjørtoft vann 4-1 etter to mål av Greger Lunheim, eit av Martin Løken Lie og eit sjølvmål.

Trekning av gruppene i Øyacup



Damer:
Gruppe A: Brattvåg J16, HaNo, Fjørtoft
Gruppe B: Brattvåg, Lepsøy, Ravn

Herrer:
Gruppe A: Lepsøy, HaNo, Norborg
Gruppe B: Fjørtoft Old Boys, Fjørtoft, Harøy

Kampoppsettet kjem seinare. Turneringa blir spelt laurdag 24. juni på Fjørtoft stadion.

Bilete frå Guard-kampen

Les meir

Siger i toppkampen!

ftil_flagFTIL snudde 0-1 til 2-1 i sluttminutta i toppkampen mot Guard. Greger og Hans Edvard skora måla. Fjørtoft og Guard har dermed begge 21 poeng, men sistnevnte har bedre målforskjell. Nok ein imponerande kamp av denne gjengen som nekter å tape. Kun Fjørtoft, Volda, Åmdal og Hødd 2 står utan tap på Sunnmøre til no denne sesongen. Les referat frå kamp med bilder her.

Ny toppkamp

Fjørtoft møter Guard i ny toppkamp onsdag kl. 19:00 på Fjørtoft stadion. Guard leder avdelinga og har kun avgitt poeng mot Harøy denne sesongen. Dei tapte denne kampen 1-4. Det er første gong FTIL møter Guard i serien sidan 1978.

Sterk siger i toppkampen mot Aksla

FTIL vann 3-2 borte mot tabelltoer Aksla i kveld.

Les meir

Endeleg ny heimekamp

Fjørtofta møter Langevåg 2 i jubileumskampen på laurdag kl. 14:00. Fjørtoft vann 4-1. Sjå oversikt over resten av arrangementet i helga her.

Stordal/Ørskog-Fjørtoft 0-0

Fjørtoft spelte 0-0 mot Stordal/Ørskog. Greger Lunheim (frå Rollon) debuterte for FTIL. FTIL er dermed fortsatt ubeseira i serien i år. Guard topper tabellen etter at dei slo Emblem 2 heile 9-2.

Harøy-Fjørtoft 1-2

Fjørtoft vann i kveld borte mot Harøy. Vegard Nybø skora begge måla. Fjørtoft slo dermed Harøy for første gang i seriesamanheng. Guard slo Aksla 3-2 i den andre toppkampen. FTIL klatra opp til 2. plass kun 1 poeng bak Guard. I tillegg er no Fjørtoft det laget som slepp inn færrast mål på Sunnmøre. Sjå oversikt her.

Bilder frå kampen mot Lepsøy i går

18387385_10209281456328539_468905531_n Foto: Rolf Hansen

Les meir

Lepsøy-Fjørtoft 0-1

Fjørtoft fekk straffespark på overtid og Hans Edvard Nordang satte den sikkert i mål.

Kamp bort mot Lepsøy i kveld!?? Kampstart 1830! Følg kampen live på vår twitterkonto!??👍🏻

A post shared by Fjørtoft Turn & Idrottslag (@fjortofttil) on

Mange bortekampar framover

Årsaka er at bana skal ha ei overhaling av den gamle banemesteren til Molde. Øyvind Kormeseth kjem på øya den 9. mai og bana treng ei til to veke med kvile før den kan brukast etter dette.

Fjørtofta framleis ubeseira

Fjørtofta spelte 1-1 borte mot Sykkylven 2 i dag. Martin Løken Lie utligna midtveis i 2. omgang. Dette var FTIL sitt seriemål nr. 1300.

Fjørtofta ned på 2. plass

Aksla tok over tabelltoppen i kveld etter storsiger 8-3 borte mot Stordal/Ørskog. Dei er dermed det einaste laget med full pott etter 2 serierunder. Fjørtofta er det einaste av dei andre laga som fortsatt står utan tap. Både Lepsøy og Harøy vann sine første kampar for året.

Sesongkort på plass

Sesongkort for sesongen 2017 er på plass! ??👌🏻 #FTIL100

A post shared by Fjørtoft Turn & Idrottslag (@fjortofttil) on

Reportasje om seriestarten i Nordre

Siger mot Emblem 2

Kampen endte 2-0 etter skoringar av Hans Edvard Nordang og Jacob Sønderland.

Mållaust i serieopninga

serieopning Fjørtofta-HaNo endte 0-0. Fjørtofta pressa på mot slutten av kampen, men ballen ville ikkje i mål. Heile 307 betalende på årets første kamp.

Dette er Fjørtoft stadion

fjortoft_stadion

Høyr FTIL-låter på Spotify

Tap i generalprøva

Den siste treningskampen før seriestart endte 0-4 mot Ellingsøya. Første seriekamp er mot HaNo på Fjørtoft stadion førstkommande søndag.

Vegard Nybø er klar for Fjørtofta

I dag signerte Vegard Nybø frå Herd som gjer han til Fjørtoft-spelar denne sesongen. Vi ønsker han velkommen!

Treningskamp mot Ellingsøy 11. april

Kampen mot Ellingsøy er flytta til 11. april kl. 19:00.

Støtt Fjørtoft TIL med å melde deg inn i scoringsklubben

Klikk her for å bli med

Siger mot HaNo!

Fjørtofta slo HaNo 2-1 på Color Line stadion onsdag kveld. Hans E. Nordang og Christer Sunde skora måla.

Les meir

Tap mot Vigra

Fjørtofta tapte 2-4 i treningskampen i går mot mot Vigra. Målscorere var Hazhin Hassan og Skjalg Volstad.

Oldboys med solid 3. plass

Oldboys-laget spelte i ei turnering i Nordøyhallen i helga. Dei endte på 3. plass etter solid innsats.

Les meir

Bilder frå dugnad

Sjå bilder frå dugnaden forrige helg

Les meir

Tap i treningskamp

Fjørtofta tapte 2-4 mot Midsund i den første treningskampen i år. Steffen Grytten og Jacob Sønderland skora for Fjørtofta.

Les meir

Siste frå instagram









Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

 Hovudsponsorar 

 Sponsorar