Fjørtofta slo HaNo 2-1 på Color Line stadion onsdag kveld. Hans E. Nordang og Christer Sunde skora måla.
(14.03.2017)Fjørtofta tapte 2-4 i treningskampen i går mot mot Vigra. Målscorere var Hazhin Hassan og Skjalg Volstad.
(10.03.2017)
Oldboys-laget spelte i ei turnering i Nordøyhallen i helga. Dei endte på 3. plass etter solid innsats.
(07.03.2017)
Sjå bilete frå dugnaden forrige helg
(07.03.2017)Fjørtofta tapte 2-4 mot Midsund i den første treningskampen i år. Steffen Grytten og Jacob Sønderland skora for Fjørtofta.
(16.02.2017)Som de veit, skal FTIL stille A-lag i 6.divisjon i 2017. Dette er ein viktig del av markeringa av 100-årsjubileet til idrettslaget. Oppslutninga frå fotballspelarar med røter frå Fjørtofta og andre med tilknytning til øya gjennom kameratar og slekt, har vore stor, og pr. dato har vi ein stall på 25 som har meldt overgang til laget i kvitt og blått. Sist FTIL stilte med 11ar-lag i serie var i år 2000. No - 17 år seinare skal fjørtoftingane igjen få heie på laget sitt på Fjørtoft Stadion!
(15.02.2017)
Fjørtofta speler sin første kamp i comebacket mot HaNo på Fjørtoft Stadion. Kampen er oppsatt til 16. april. Sjå heile terminlista her
Sjå bilder frå dugnaden på Fjørtoft stadion tidligere i år.
(10.12.2016)(05.12.2016)
I forbindelse med 100 års-jubileumet i 2017 stiller FTIL som kjent A-lag igjen. Les intervjuet med Hans Edvard i Sunnmørsposten om dette i dag.
(01.12.2016)