Tilbakeblikk:

1993: Vigra-Fjørtoft 1-4


Foto: Heidi Otterlei Kristiansen

Rota stadion, Vigra
8. juli 1993
4. divisjon

Bakgrunn
Etter ein god start i debuten i 4. divisjon, gjekk Fjørtoft på en del smeller på slutten av vårsesongen. I forkant av den siste kampen før sommerferien vart det tap mot både VRF (2-4) og Aksla (0-4). Topplaget Vigra var dermed store favorittar før møtet på Rota stadion.

Laget
Lars Otterlei - Henning Otterlei, John Klokk, Erlend Fjørtoft, Torgeir Fjørtoft - Frode Fjørtoft, Dagfinn Fjørtoft, Hans Inge Otterlei, Per-Jarle Fjørtoft - Amund Fjørtoft, Rune Otterlei. Bjarte Steinsbu kom inn som innbytter.

Mål
Hans Inge Otterlei (straffe)
Amund Fjørtoft
Rune Otterlei 2

Kampreferat i Sunnmørsposten
Fjørtoft ville tydeleg vise at dei slett ikkje høyrer heime i botnstriden, og sørga for at Vigra vart endå lengre etter Spjelkavik på tabellen. Fjørtoft revansjerte seg dermed også etter heimetapet sist, og slo like godt til med ein solid 4-1-siger over Vigra.

Thomas Hagelin sende Vigra i leiinga, men etter det "slutta" Vigra å spele fotball. Gjestane fekk overta meir og meir, og to mål ved Rune Otterlei og eitt kvar av Amund Fjørtoft og Hans Inge Otterlei gjorde at det ikkje var tvil om kvar sigeren ville hamne.

Otterlei sitt mål kom på straffespark, etter at ein Vigra-spelar handsa på streken og fekk raudt kort. Dommar var Terje Flytøren, Hessa.

Tabellen etter kampen


Etterkant
Fjørtoft redda til slutt plassen med siger i nest siste serierunde mot VRF.

PS!
Arvid Fjørtoft tok skjegget etter eit tapt veddemål etter den overraskande sigeren.

Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

 Hovudsponsorar 

 Sponsorar