Før kampen: Guard-Fjørtoft

28.09.2017 22:31

guard_ftil

Fjørtoft møter Guard til toppoppgjer på Color Line Stadion onsdag 4. oktober kl. 19:00. Laga har fulgt kvarandre tett heile sesongen. FTIL toppar tabellen på betre målforskjell enn Guard. Guard har ein kamp meir spelt etter at dei slo Blindheim 2 denne veka.

Guard
Guard har vore solide heime i år og har vunnet alle kampane på Color Line Stadion. Dei har og vore god borte på kunstgrasdekke. Her har dei kun avgitt poeng i ein kamp. Dette var nylig borte mot Emblem 2. Dei har derimot slitt i kampar på naturgras der dei har kun tatt 4 poeng på 4 kampar. Det har blant anna endt med tap borte mot Fjørtoft og Harøy. Ellers har så mange som 9 av dei 15 sigerane denne sesongen vore med kun eit mål.

Fjørtoft
Etter at Åmdal tapte toppoppgjeret mot Sæbø i den andre avdelinga, er Fjørtoft det einaste laget på Sunnmøre utan tap i seriesystemet. På dei siste 12 kampane er det kun Harøy som har tatt poeng. Dette var i kampen som endte 3-3. Fjørtoft er og det laget som slepp inn minst mål på Sunnmøre.

Duellen
Joakim Bendal er toppskorar i avdelinga med heile 20 mål. Det er fem mål meir enn Vegard Nybø som har skora heile 10 av måla på dei sju kampane etter ferien.

Dommar
Magne Jonny Krumsvik, Hødd - Har delt ut 4 raude og 29 gule kort på 12 seriekampar denne sesongen.

Samanligning

Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

 Hovudsponsorar 

 Sponsorar