Fjørtoft vann toppkampen 3-2

04.10.2017 22:30

guard3
Fjørtoft tok ein sterk siger i toppkampen mot Guard i kveld på Color Line stadion.

Guard åpna best og kunne tatt ledelsen allereie etter 4 minutt. Men Hans Edvard Nordang kasta seg og blokkerte eit skudd som hadde retning i lengste hjørne.

Etter det jevna det seg ut. Seinere fekk Fjørtoft ein trippelsjanse innom 16 meteren, men alle forsøka vart blokkert før Vegard Nybø banka den i nettveggen. Like etter vann Hans Edvard Nordang ballen på egen banehalvdel, satte fart framover og spelte til Vegard Nybø som igjen spelte Martin Sundnes fri i bakrommet. Åleine med keeper fekk han såvidt trilla ballen over streken.

Eit minutt seinere fekk Guard eit straffespark som vart satt sikkert i mål. Etter det fekk Fjørtoft eit par frispark i god posisjon som ikkje endte med noko. Det vart dermed 1-1 ved pause.

Guard starta også best i 2. omgang. Målsniken Joakim Bendal på Guard avslutta bra frå noko skrått hold, men Eirik Fjørtoft redda fint.

Fjørtoft gjorde utover i 2. omgang fleire bytte og tok meir over mot Guard som virka å bli litt meir slitne.

I det 70. speleminuttet fekk Fjørtoft eit frispark frå 25 meter som Vegard Nybø skrur over muren og heilt oppe i krysset.

Et par minutt seinare så vart Jacob Sønderland spelt igjennom. Forsvarsspeleren må lage frispark og blir utvist etter å ha fått sitt andre gule kort. Volstad tok frisparket som keeper må gi retur på. Return setter Peter Grytten i nettaket.

Fjørtoft har etter dette bra kontroll og får en del sjanser på kontringer. Men to minutt på overtid reduserer Guard til 2-3. Det vart dermed vel spanande på slutten, men gutane rodde sigeren i land.

Stor takk til fantastisk oppmøte av trofaste supportarar. Både unge og gamle gjorde sitt til at det endeleg vart god stemning på Color Line stadion. Det kokte på stadion i sluttminutta og spelerane fekk si fortjente hyllest etter at kampen var over.

Fjørtoft tok dermed eit langt steg mot direkte opprykk. Laget treng no berre 4 poeng på dei siste 3 kampane for å sikre dette.


guard1


guard2


guard4

Fleire bilete kjem seinare

Kampen vart vist på smp.no. Sjå den her.

Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

 Hovudsponsorar 

 Sponsorar