Siger 2-0 og opprykk!

11.10.2017 20:59


Fjørtoft sikra opprykket etter ein komfortabel siger borte mot Langevåg 2 i kveld.

1-0 kom midtveis i 1. omgang etter at Martin Sundnes utfordra høgresida til Langevåg 2. Han skar vidare innover og serverte Vegard Nybø som slo til med eit kunstmål. Like etter var Langevåg 2 farleg igjennom, men Eirik Fjørtoft redda solid.

2-0 kom etter 70 minutt. Vegard Nybø avslutta to gongar frå kort hold. Begge vart redda av keeper før Jakob Sønderland putta ballen i åpent mål.

Fjørtoft hadde bra kontroll bakover sjølv med ein lei vind som skapte litt vanskar. Framover vart det skapt ein del sjanser på gjennomspel. Men disse vart stoppa av Langevåg sin veldig offansive keeper eller dommar som blåste offside. Karl Oskar Fjørtoft kom inn ved pause og var med på å kontrollere kampen.

Det er forøvrig første gong dennne sesongen at avstanden mellom Fjørtoft og Guard er på meir enn 3 poeng.

Det er første gong FTIL vinn 17 seriekampar i ein sesong. Den gamle var på 16 frå 1989.

Dette var det femte opprykket til FTIL i historia. Dei forrige kom i 1983, 1989, 1992 og 1998.




Innbyttera: Karl Oskar, Peter A, Torgeir, Aleksander Lunheim, Sindre og Jacob

Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

 Hovudsponsorar 

 Sponsorar