Oppsummering av sesongen

31.10.2017 22:18

season_teaser

Dette er ein oppdatering av artikkelen "oppsummeringa av sesongen til no" frå i sommer

Allsidig - Jacob Sønderland skåra fem seriemål i år. I tillegg stod han i mål i to seriekampar og gjorde ein god jobb der og.

Bredde - Fjørtoft har benytta heile 35 spelera i serien i år. I tillegg har 4 ulike keepera blitt benytta. Alle like solide. Til samanlikning brukte Fjørtoft kun 18 spelera i serien i 1992 og 1993 då laget rykka opp og haldte seg i 4. divisjon.

Comeback - FTIL gjorde comeback i seriesystemet for første gong sidan 2000. Det var mange debutantar i serieopninga mot HaNo. Men eit par av spelarane har vore med tidligere. Karl Oskar Fjørtoft spelte sin forrige seriekamp for FTIL i 1991. Geir Olav Otterlei spelte sin første seriekamp for FTIL sidan 1995, medan André Fjørtoft spelte sin forrige seriekamp i divisjonssystemet i 2000. André spelte og fleire sesonger for 7’er-laget fram til 2009. Vegard Otterlei, Jan Tore Fjørtoft, Sindre Fjørtoft, Hans Edvard Nordang, Mathias Fjørtoft, Ove Otterlei og Emil Otterlei spelte sine første kampar for A-laget denne sesongen.

Dugnad - Det har blitt lagt ned mange timar for å få alt på plass i comeback-sesongen. Sjå bilete her og her.

Eventyrleg sesong - Det vart ingen KM-tittel, men opprykk og ein ubeseira sesong i serien var mykje meir enn ein kunne forvente.



Fair play - Fjørtoft var eit av laga som pådrog seg minst gule kort i avdelinga. Og ingen utvisningar. Men dei kunne fort ha fått eit raudt kort om det ikkje var for Adrian Pedersen frå Langevåg 2. Han fekk fortjent omtale i Sunnmørsposten.

Gjerrig - Fjørtoft var det laget som slapp inn færrast mål på Sunnmøre denne sesongen. Sjå oversikt her. Det var kun andre gong i historia at FTIL slapp inn mindre enn eit mål per seriekamp. Forrige gong var i 1983.

Harøy - Det vart mange lokaloppgjer denne sesongen. Fjørtoft har gitt Lepsøy og HaNo god motstand opp igjennom åra, men Harøy har vore ei lei nøtt å knekke. Først i det 9. forsøket vart det endeleg siger mot Harøy i seriesystemet.

Ildsjeler - To av våre ildsjeler, Hans Edvard Nordang og Ove Uhlen Otterlei, er nominert til «Sunnmøres Ildsjel - 2017». Send kodeord Ildsjel 3 til 2242, dersom du ønsker å gi di stemme til desse to og Fjørtoft Turn- og Idrottslag. Les meir om dette.

Jubileum - Fjørtoft feira 100 årsjubileum denne sesongen. Martin Løken Lie skora FTIL sitt seriemål nr. 1300 i kampen borte mot Sykkylven 2. I heimekampen mot Emblem 2 spelte Fjørtoft sin seriekamp nr. 600. FTIL står til no med 244 sigrar, 101 uavgjort og 265 tap.

Kaptein - Hans Edvard Nordang er den einaste som spelte alle serie-, cup-, KM- og treningskampane i år. Han var i tillegg på bana i samtlege minutt av dei 35 kampane. Stopparkollega Joakim Roald spelte og alle seriekampane. Mathias Fjørtoft og Steffen Grytten stod kun over ein seriekamp.

Live - For dei som ikkje kom seg på kamp, så var det mogleg å følge kampane "live" på sosiale medier. Svenn-Even Otterlei & co har oppdatert frå kampane på både Facebook og Twitter så lenge batteriet har holdt. I tillegg har Eldar Fjørtoft og Kjell Arne Fjørtoft levert bilete frå kampane som har blitt lagt ut på nettsida og i sosiale medier. Og ikkje minst dronevideoar av Ottar Otterlei og Peter Aksnes.

Media - FTIL har fått bra dekning i media etter comebacket i 6. divisjon:
Jesus måtte vente då Fjørtoft stod opp att (Nordre)
Karl Oskar med comeback (Sunnmørsposten)
Her vaknar fotballen til live att 1.påskedag (NRK)
Fjørtoft IL er tilbake på fotballkartet (Sunnmørsposten)
Fjørtoft vil rett opp (Sunnmørsposten)
Guard-Fjørtoft (Sunnmørsposten)

Nye bekjentskap - Neste år blir Langevåg, Herd 2, Volda 2 og Stranda motstandarar for første gong. FTIL har møtt Herd tidlegare (og slått dei), men ikkje møtt andrelaget. Det er 30 år sidan sist Fjørtoft møtte Skodje i seriekamp. Forrige møte med Norborg i serien var i 1998. Fjørtoft vann den kampen 10-0.

Opprykk - Dette var det femte opprykket til FTIL i historia. Dei forrige kom i 1983, 1989, 1992 og 1998.

Publikum

Fjørtoft har hatt ei fantastisk støtte frå publikum denne sesongen. Uansett ver og vind. Det var heile 307 betalande tilskodarar i opningskampen mot HaNo. Og 182 i jubileumskampen mot Langevåg 2. Det var rundt 200 tilskodarar på kampen mot Guard på Color Line stadion. I tillegg har det vore flott oppmøte på dei andre kampane. Både heime og borte.

Quo vadis - Lurer du på kva som er målsetninga til spelerane for neste sesong? Les bl.a. om dette i spelarprofilane.

Rekordar - Mange klubbrekordar vart slått denne sesongen. 22 seriekampar på rad utan tap. 9 strake sigrar i serien. 18 sigrar i ein sesong. 58 poeng. Sjå alle her.

Sluttspel - For tredje gong vart det tap mot lag frå Søre Sunnmøre i kampen om KM-tittelen. I 1983 vart det tap mot Larsnes. Og i 1998 vart Åmdal for sterke. Kvalifisering til opprykk har og vore vanskeleg. I 1984 vart det tap både heime og borte mot Gjerdsvika. Men i 1989 vart det opprykk på bortemålsregelen etter 0-0 heime og 1-1 borte mot Kvamsøy.

Toppskorar - Vegard Nybø vart topscorer i serien med 18 mål på 18 kampar. Han skora mot alle laga i avdelinga utanom Lepsøy. Kun tre andre i avdelinga skora fleire mål. Hans Edvard Nordang skora 11, medan Steffen Grytten endte opp med 9.

Uslåeleg (nesten) - Det vart tap mot Fjørtoft Old Boys i Øyacup og Sæbø i KM, men i serien var Fjørtoft uslåeleg. Fjørtoft var det einaste seniorlaget på Sunnmøre som gjekk ubeseira i serien. Sjå oversikt her.

Vardebana - Du viste kanskje at Fjørtoft spelte på denne bana før Fjørtoft stadion vart ferdig. Men det tok ein del år frå planlegginga starta til opningskampen vart spelt. Les meir om bl.a. dette i jubileumsboka til FTIL som kom ut i år. Harald Grytten skreiv en flott omtale av boka i "Nytt i uka"

WWW - ftil.no har hatt bra med trafikk i år. Mest besøk på sida var det i forbindelse med sigeren på Color Line stadion. Den mest besøkte sida utanom hovedsida er tabellen som har vore fin lesing heile sesongen. Deretter spelarstallen og oversikt over tidlegare sesongar. Dei mest leste artiklane har vore: blir bedre kjent med spelerane, siger på Color Line og oppsummering av vårsesongen.

X - Når kom måla? Det tok litt tid før måla kom i vårsesongen. Då var det raskaste målet skora etter 22 minutt. Etter sommaren var måla meir fordelt. Men nesten halvparten av måla den siste halvtimen av seriekampane denne sesongen. Fjørtoft skora 24 mål i vårsesongen og 43 mål etter ferien.

Youtube - Dette er ikkje relatert til årets sesong, men ein finn mange artige filmsnutter her. Men er det noko som topper FTIL sin oppvisningskamp på Fjørtoft Stadion i 1993? Sjå bl.a. Jan Åge Fjørtoft, Karl Oskar Fjørtoft og Bjørn Hjelseth i aksjon her. Skru opp lyden og få med deg ekspertkommenteringa frå tribuna.

Zombie-film
stadion_foer_etter
Fjørtoft stadion såg nesten ut som ei scene frå ein zombie-film før arbeidet med å fikse den begynte. Etter utallige dugnadstimer har det blitt ei fantastisk grasmatte.

Æresmedlemmar - På jubileumsfesten i mai vart Karl Oskar Fjørtoft og Harald Nordang utnemnd til æresmedlemmar av FTIL. Frå tidlegare er Gudmund Fjørtoft, Bernt Fjørtoft og Svein Nilsen æresmedlemmar.

Øyacup - Fjørtoft var arrangør av turneringa i år. Ravn vann dameklassa, medan Norborg vann herreklassa etter siger på straffekonkurranse mot Harøy.

Årets mål - Det vart skora mange fine mål i år. Vegard Nybø hadde eit par kandidatar. Rabona-målet mot Langevåg 2 var kanskje meir imponerande. Men eit flott frisparkmål på Color Line stadion i opprykksfinalen er det vanskeleg å komme utanom.


Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

 Hovudsponsorar 

 Sponsorar