Tilbakeblikk:

1992: Klar for opprykk

opprykk2
Frå venstre: Bernt Fjørtoft, Bjørn Egil Larsen, Hans Inge Otterlei, Per Jarle Fjørtoft, Vidar Flem, Rune Otterlei, Dagfinn Fjørtoft, Torstein Fjørtoft, Torgeir Fjørtoft, Geir Otterlei, Erlend Fjørtoft, John Klokk, Bjarte Fjørtoft, Svein Nilsen og Ivar Fjørtoft. Foto: Gudmund Fjørtoft

Fjørtoft stadion
26.09.1992
5. divisjon

Bakgrunn
Fjørtoft innleia sesongen solid med seks strake sigrar. Men utover vart det litt for mange uavgjorte kampar og HaNo stakk ifrå og vann til slutt KM. Før nest siste serierunde måtte Fjørtoft vinne heimekampen mot Larsnes for å sikre opprykk til 4. divisjon for første gong.

Laget
Lars Otterlei - Vidar Flem, John Klokk, Erlend Fjørtoft, Torgeir Fjørtoft - Torstein Fjørtoft, Hans Inge Otterlei, Dagfinn Fjørtoft, Geir Otterlei - Per Jarle Fjørtoft, Rune Otterlei. Ivar Fjørtoft kom inn som innbyttar.

Mål
1-1 Erlend Fjørtoft
2-1 Ivar Fjørtoft
3-1 Ivar Fjørtoft

Kampreferat i Haramsnytt - Bjørn O. Haukeberg
Ivar Fjørtoft er utvilsomt dagens mann på Fjørtoft. Dei siste kampane har han måtta sett frå sidelinja på grunn av skade. Slik var det også no i den viktigste opprykkskampen mot Larsnes.

Men då det såg ut som værst, Larsnes leia og Fjørtoft hadde bomma på straffe, vart halvskadde Ivar sett inn på spissplassen. Og saman med heimelaget sin bestemann, Erlend Fjørtoft sørga dei for tre mål og opprykk for Fjørtoft.

Ikkje rart heimepublikummet var ellevill i sin jubel. Og idrettslaget kunne ikkje fått finare gåve i sitt 75 års jubileum.

Fjørtoft skal altså neste år spele i 4. divisjon. Aldri før har dei spelt så høgt oppe og for den lille øya er det ikkje dette noko anna enn imponerande. Årets spelarstall tel 15 spelarar inklusiv reserve-keeper. Gjennom dei 21 kampane laget har vore gjennom har dei kun brukt 14 spelarar. Dei har ikkje tapt på heimebane og totalt står dei med berre to tap i år. Det er eitt mindre enn krinsmeister HaNo.

Og sist laurdag stod det altså om opprykk, både for vertane Fjørtoft og gjestane Larsnes. Med siger til Fjørtoft var opprykket klart før siste runde. Tap eller uavgjort ville utsette spørsmålet til aller siste runde.

Ikkje rart at nesten alt så kunne krype og gå møtte fram til kampen laurdag. Over 200 tilskuere var engasjert frå første til siste spark på ballen, og vel så det.

Og Fjørtoft viste gode takter frå start av. Berre minuttet var spelt då Dagfinn Fjørtoft hadde sin første store sjanse. Men skotet gjekk i nettveggen. Litt seinare er Per Jarle Fjørtoft gjennom, men skyt over. Like før pause skyt Geir Otterlei i stanga og ut.

Men også Larsnes hadde sjansar, men ein god Lars Otterlei tok seg av det meste. Omgangen ebba dermed ut mållaus, utruleg nok. Men heimelaget hadde vist gode takter og publikum rekna med at dette skulle gå vegen.

Difor var det litt av ein kalddusj å sjå at gjestane gjekk opp i 1-0 berre 30 sekund ut i andre omgang. Heimelaget var tydelegvis ikkje heilt klar til å starte dei siste og avgjerande 45 minutt enno, og Larsnes fekk lett kome til.

Dermed kom nervane i ulage igjen, både hjå Fjørtoft-spelarane og publikum. Og bedre vart det ikkje når Erlend Fjørtoft skyt over då heimelaget får tildelt straffespark kvarteret ut i omgangen.

Men så kjem Ivar Fjørtoft inn på bana, og samstundes blir Erlend Fjørtoft flytta frå midtforsvaret og desse to danner det avgjerande spissparet. Ein gnistrande innspurt skulle likevel redde dagen.

19 minutt før slutt får Erlend eit overlegg frå Torgeir Fjørtoft, som han header rett i mål og 1-1. 13 minutt før slutt får Ivar eit legg frå Rune Otterlei, Ivar rundar keeper og puttar ballen i tomt bur. Då var det jubel på Fjørtoft! To minutt før slutt punkterte Ivar kampen og sikra opprykket då han nok ein gong rundar keeper og puttar ballen i mål.

Dermed er Fjørtoft klar for 4. divisjon til neste år, saman med nabo HaNo. Det har snudd seg fort. For to år sidan kjempa Fjørtoft desperat for å unngå nedrykk til 6. divisjon. Og suksessen skuldast ikkje tilsig av spelarar utanifrå. Heller tvert om, Fjørtoft har mista fire sentrale spelarar dei to siste åra.

Tabellen etter kampen
tabell_1992_21

Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

 Hovudsponsorar 

 Sponsorar