20
APR
  MARKNAD
SAMFUNNSHUSET
 10:00
 
01
MAI
  SERIEOPNING
HANO (B)
 18:30
 
ftil_1983

1983: Opprykk og eitt mål frå KM-tittel

Fjørtoft leverte ein solid sesong i 1983. Dei vann avdelinga si i 7. divisjon etter 13 sigrar og kun eit tap på 16 kampar.


Det vart scora meir enn fire mål i snitt per kamp. Og ein solid Bjørn Hjelseth slapp inn kun 15 mål.

Eldar Tanstad var henta inn som spelande trenar. Han og Olav Otterlei vart ein frykta duo. Dei scora til saman 47 mål. Olav scora 25 mål. Eldar endte opp med 22 mål. Bård Flem hadde meldt overgang frå Brattvåg sesongen før. Han bidrog med 12 mål. I tillegg scora Knut Alf Otterlei (5 mål), Otto Fjørtoft (3), Bernt Fjørtoft (2), Kjell Arne Fjørtoft (1) og Torgeir Fjørtoft (1).

Fjørtoft tok eit langt steg mot opprykk i fjerde siste serierunde med siger 3-1 borte mot opprykksrivalen Sunnylven. Olav Otterlei (2) og Eldar Tanstad scora måla i ein kamp som vart dramatisk etter kvart. Bernt Fjørtoft vart utvist etter to haldingar som begge endte med gult kort. I tillegg måtte Otto Fjørtoft forlate bana tre tenner fattigare etter eit samanstøyt med ein alboge.

Opprykket vart sikra i neste serierunde med 8-0 borte mot Lauparen. Olav Otterlei scora 5 av måla i denne kampen. I dei to siste serierundene vart det siger 4-2 mot Haramsøy og til slutt 1-1 på Hildre.

Det vart dermed spelt to kampar om KM-tittelen mot Larsnes som vann den andre avdelinga.

1. kamp: Fjørtoft-Larsnes 2-4 (referat frå Haramsnytt)


2. kamp: Larsnes-Fjørtoft 4-5 (referat frå Haramsnytt)


7. divisjon, avdeling A 1983 endte slik:

Fjørtoft        16  13  2  1   65-15   28
Sunnylven       16  12  0  4   50-23   24
Valldal         16  10  3  3   49-24   23
Hildre          16   7  3  6   36-33   17
Mork            16   8  1  7   30-34   17
Haramsøy        16   7  2  7   27-30   16
Brusdal         16   4  3  9   27-37   11
Hellandshamn    16   3  1 12   20-53    7
Lauparen        16   0  1 15   15-80    1

Kampane i 1983

13.01.2019 1983 Tilbakeblikk


Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar