23
FEB
  SAMFUNNSHUSET
VARDEN
KL 16:00
LES HER
 
24
FEB
  ÅRSMØTE
FJØRTOFT SKULE
KL 12:00
 
26
FEB
  STRANDA
COLOR LINE
KL 19:00
OBOS CUP
 
14
MAR
  EMBLEM
FJØRTOFT
KL 19:55
OBOS CUP

Avisutklipp 1964-2000


Du kan no bla i avisutklipp og kampreferat frå dei fleste seriekampane Fjørtoft spelte før comebacket i 2017.
Under er eit utvalg av utklippa.


Bla i utklippa her


1965 og 2018: Fjørtoft-Guard 3-0

Fjørtoft har vunnet 249 kampar i seriesystemet. Dei fleste etter tøffe oppgjer. Eit par andre har vore lettkjøpte. Guard møtte ikkje til kamp i 2018. Det samme skjedde i 1965. Resultatet vart fastsatt til 3-0 i begge kampane.


1975: Fjørtoft-Nordøy 0-1

Det var nok bittert at målet til Nordøy burde ha blitt vinka av for offside. Men det var neppe det største samtaleemnet i dagane etter kampen.


1978: Fjørtoft-Hildre 10-3

Fjørtoft scora kun 23 seriemål denne sesongen. 10 av dei kom i denne kampen. I tillegg brente Fjørtoft to straffespark. Bernt og Kjell Arne scora hattrick. Kjell Arne var toppscorer denne sesongen med sju mål. 41 år seinare er dette fortsatt den mest målrike kampen til FTIL i seriesystemet.


1982: Fjørtoft-Flø 5-5

Det var mange tøffe oppgjer på Vardebana. Men ti mål og to utvisninger var ikkje kvardagskost. Fjørtoft leverte ein middels sesong i 1982. Og etter å ha tapt mot Helland, som var den første sigeren deira i serien, vart det bestemt at det skulle satsast meir neste sesong. Eldar Tanstad vart henta inn som trenar. I tillegg kom Bård Flem og sesongen etter kom broren Egil Flem. Det var forøvrig den einaste sesongen FTIL avga poeng mot Helland.


1983: Lauparen-Fjørtoft 0-8

Lauparen var motstandar 10 gongar mellom 1979 og 1983. Fjørtoft scora 36 mål på desse kampane. Olav Otterlei stod for heile 15 av dei. I ein bortekamp i 1983 scora han heile fem mål. Av den informasjonen vi har funnet til no er det kun Bernt Fjørtoft som har scora like mange mål i ein seriekamp (mot Hessa i 1976).


1998: Fjørtoft-Stranda2 5-2

Fjørtoft gjorde comeback i 6. divisjon etter kvileåret i 1997. Per Willy Otterlei var henta inn som spelande trenar. Ole Petter Fjørtoft var tilbake i Fjørtoftsdrakta for første gong sidan han gjekk til Hødd i 1992. Laget leverte ein solid sesong og rykka opp etter å ha vunnet avdelinga med fire poeng. Opprykket var sikra i siste serierunde med siger 10-0 heime mot Norborg. Dette er fortsatt den største sigeren til FTIL i seriesystemet.


26.01.2019


Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar