20
APR
  MARKNAD
SAMFUNNSHUSET
 10:00
 
01
MAI
  SERIEOPNING
HANO (B)
 18:30
 

2000-tallet


I perioden FTIL var utan A-lag i seriesystemet var det fortsatt stor aktivitet på Fjørtoft stadion.
Både herre- og damelaget stilte fleire sesongar i serien med 7'er-lag. I tillegg hadde Fjørtoft aldersbestemte lag på både gute- og jentesida fram til 2005.

Herrelaget


Herrelaget stilte 7'er-lag frå 2003 til 2009. Egil Andreas Davik var primus motor og spelte flest kampar for laget. Ole Kristian Otterlei, Svenn-Even Otterlei, Christian Hegner og Magnus Bringsvor var andre med mange kampar. Terje Gangstø scora 26 mål i 2005. Og André Fjørtoft scora 16 mål i 2009.


Kampreferat frå 2005-2007:
Fjørtoft-Godøy 5-3 (2005)
Skodje-Fjørtoft 3-1 (2006)
Fjørtoft-Norborg 1-11 (2006)
Fjørtoft-Skodje 8-2 (2007)
Fjørtoft-Ørskog 3-5 (2007)

Kampane i dei ulike sesongane:
2003, 2004, 2005, 2006, 2007, 2008, 2009

Damelaget


Damelaget var med i 7'er-serien i 1999-2001 og 2005-2007. Den siste sesongen stilte dei felles lag med Harøy. Denne sesongen vart dei fleste kampane spelt på Harøya, men ein kamp vart spelt på Fjørtofta.

Ingrid Silseth, Maren Bringsvor, Birthe Bringsvor, Kamilla Fjørtoft og Maria Fjørtoft var dei som spelte flest kampar i 2005-2007. Ingrid Silseth var toppscorer dei tre siste sesongane med 15, 31 og 14 mål.



Kampreferat frå 2006:
Harøy-Fjørtoft 4-3
Fjørtoft-HaNo 4-12
Fjørtoft-Ørskog 1-2

Kampane i dei ulike sesongane:
1999, 2000, 2001, 2005, 2006, 2007

28.01.2019 Tilbakeblikk


Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar