20
APR
  MARKNAD
SAMFUNNSHUSET
 10:00
 
01
MAI
  SERIEOPNING
HANO (B)
 18:30
 

6. divisjon 2019


Avdelingsoppsettet for 6. divisjon er klart.



Divisjonen er delt opp i tre avdelinger. Det blir spelt dobbel serie som gir Fjørtoft 16 seriekampar. Fjørtoft, Guard og Sæbø, som rykka ned frå 5. divisjon, vart plassert i kvar si avdeling. Terminlista blir klar i løpet av dei neste vekene. Fjørtoft møter følgande lag denne sesongen:

Giske


Forrige sesong: 3. plass i 6. divisjon, avdeling 1
Forrige møte i serien: 2000 (2-4 heime, 3-1 borte)
Møter i serien: 24 kampar - 7 sigrar, 3 uavgjort, 14 tap
Scora mest mål mot dei: Olav Otterlei (5 mål), Henning Otterlei (4 mål), Egil Flem (3 mål)
Giske IL spelar i år sin 50. sesong i seriesystemet. I forbindelse med dette så lager dei ein dokumentarserie om sesongen. Dei har allereie lagt ut to episodar.
Sjå dokumentaren på youtube

HaNo


Forrige sesong: 8. plass i 6. divisjon, avdeling 1
Forrige møte i serien: 2017 (0-0 heime, 6-0 borte)
Møter i serien: 18 kampar - 8 sigrar, 3 uavgjort, 7 tap
Scora mest mål mot dei: Erlend Fjørtoft (4 mål), Vegard Nybø (3 mål)
Det blir to nye tøffe oppgjer mot HaNo i 2019. Sjølv om det vart mange mål i det forrige møtet, er kampane mot HaNo dei minst målrike oppgjera FTIL har spelt. FTIL har kun scora 21 mål på 18 kampar.

Harøy


Forrige sesong: 2. plass i 6. divisjon, avdeling 1
Forrige møte i serien: 2017 (3-3 heime, 2-1 borte)
Møter i serien: 10 kampar - 1 siger, 3 uavgjort, 6 tap
Scora mest mål mot dei: Vegard Nybø (4 mål)
Harøy har lenge vore ein lei motstandar i serien. Først på 9. forsøk i 2017 fekk Fjørtoft sin første siger mot dei.

Langevåg 2


Forrige sesong: 9. plass i 6. divisjon, avdeling 2
Forrige møte i serien: 2017 (4-1 heime og 2-0 borte)
Møter i serien: 2 kampar - 2 sigrar, 0 uavgjort, 0 tap
Scora mest mål mot dei: Jacob Sønderland (2 mål), Vegard Nybø (2 mål)
Fjørtoft har kun møtt dei to gongar tidlegare. I det første møtet redda ein motstandar Hazhin Hassan frå å bli utvist.
Les om dette i Sunnmørsposten

Lepsøy


Forrige sesong: 4. plass i 6. divisjon, avdeling 1
Forrige møte i serien: 2017 (3-1 heime og 1-0 borte)
Møter i serien: 26 kampar - 12 sigrar, 4 uavgjort, 10 tap
Scora mest mål mot dei i serien: Bernt Fjørtoft (8 mål), Olav Otterlei (7 mål)
Lepsøy er eitt av laga Fjørtoft har møtt flest gongar i serien. Kun Emblem (38) og Hundeidvik (28) har vore motstandar oftare. Og det er kun Skodje som FTIL har slått fleire gongar i serien (14).

MSIL


Forrige sesong: 2. plass i 6. divisjon, avdeling 2
Forrige møte i serien: 2017 (4-0 heime, 4-1 borte)
Møter i serien: 2 kampar - 2 sigrar, 0 uavgjort, 0 tap
Scora mest mål mot dei: Greger Lunheim Myklebust (2 mål)
Mauseidvåg og Solevåg IL leverte ein solid sesong i fjor. Sjølv om dei vann 14 av 16 kampar, endte dei 3 poeng bak Aksla som rykka opp. Dei avslutta sesongen med heile 10 strake sigrar.

Ravn


Forrige sesong: -
Forrige møte i serien: 1998 (9-2 heime, 1-0 borte)
Møter i serien: 18 kampar - 9 sigrar, 2 uavgjort, 7 tap
Scora mest mål mot dei: Egil Flem (8 mål), Dagfinn Fjørtoft (4 mål), Erlend Fjørtoft (3 mål), Ole Petter Fjørtoft (3 mål)
Ravn er tilbake i seriesystemet for første gong sidan 2016. Ravn var og motstandar i den første seriekampen til Fjørtoft i 1964.

Spjelkavik 3


Forrige sesong: -
Forrige møte: -
Møter i serien: -
Scora mest mål mot dei: -
Fjørtoft har aldri spelt mot Spjelkavik 3 tidlegare. Heller ikkje andre-laget. FTIL møtte førstelaget til Spjelkavik i 1993 i 4. divisjon. Bortekampen endte 0-6, men det vart 1-1 på heimebane.

Avdeling 2: Bergsøy 2, Flø, Gjerdsvika/LGFK 2, Sæbø, Tjørvåg, Vanylven, Vartdal, Ørsta 2, Åmdal.

Avdeling 3: Aksla 2, Blindheim 2, Emblem 2, FK Sykkylven 2, Guard, Spjelkavik 2, Stordal, Valldal.

Ønsker du å støtte FTIL i 2019?
Bli med i scoringsklubben

04.02.2019 2019


Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar