Sterk siger i toppkampen mot Aksla

07.06.2017 20:23



FTIL vann 3-2 borte mot tabelltoer Aksla i kveld.

Karl Oskar Fjørtoft gjorde comeback og spelte sin første seriekamp for Fjørtoft sidan 1991. Han gjorde ein solid figur på midtbana saman med broren Mathias. Aksla åpna best og tok ledelsen på eit langskot. Fjørtoft utlikna etter eit sjølvmål der Hazhin Hassan kom seg rundt på kanten og slo inn.

I 2. omgang tok Fjørtoft over. Hans Edvard Nordang var sentral. Først heada han ein corner frå Vegard Nybø kontant i mål. Deretter slo han ei presis langpasning i bakrommet som Vegard Nybø jakta og satte kontrollert i mål. På 3-1 hadde Fjørtoft full kontroll og det virka nesten som Aksla hadde gitt opp. Men mot slutten av kampen fekk Aksla 2-3 på eit langskudd og jakta deretter utligningsmålet. Men FTIL rei stormen av og vann ein fortjent siger. Til stor applaus frå dei mange supporterane som kom og støtta laget.

Fjørtoft klatra dermed opp til 2. plass på tabellen. Topplaget Guard slo Blindheim 2 i sin kamp (4-3). Kampen mellom Harøy og Lepsøy vart utsatt.

aksla_2


aksla_3


aksla_4


aksla_5


aksla_6


aksla_7


aksla_10


aksla_9


aksla_11

Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

 Hovudsponsorar 

 Sponsorar