Oppsummering av sesongen til no

29.06.2017 12:18

oppsummering

Allsidig - Jacob Sønderland skåra to seriemål i vårsesongen. I tillegg stod han i mål mot MSIL og gjorde ein god jobb der og.

Bredde - Fjørtoft har benytta heile 30 spelera i serien. I tillegg har 4 ulike keepera blitt benytta. Alle like solide. Til samanlikning brukte Fjørtoft kun 18 spelera i serien i 1992 og 1993 då laget rykka opp og haldte seg i 4. divisjon.

Comeback - FTIL gjorde comeback i seriesystemet for første gong sidan 2000. Det var mange debutantar i serieopninga mot HaNo. Men eit par av spelarane har vore med tidligere. Karl Oskar Fjørtoft spelte sin forrige seriekamp for FTIL i 1991. Geir Olav Otterlei spelte sin første seriekamp for FTIL sidan 1995, medan André Fjørtoft spelte sin forrige seriekamp i divisjonssystemet i 2000. André spelte og fleire sesonger for 7’er-laget fram til 2009.

Dugnad - Det har blitt lagt ned mange timar for å få alt på plass i comeback-sesongen. Sjå bilete her og her.

Fair play - Fjørtoft har ikkje pådratt seg så mange gule kort denne sesongen. Men dei kunne fort ha fått eit raudt kort om det ikkje var for Adrian Pedersen frå Langevåg 2. Han fekk fortjent omtale i Sunnmørsposten.

Gjerrig - Fjørtoft er det laget som slepp inn færrast mål på Sunnmøre. Det går nesten 142 minutt mellom kvart baklengsmål. Sjå oversikt her.

Heia fotball - Comebacket i 6. divisjon vart omtalt i den flotte podcasten til "Heia Fotball" der Rune Bratseth var gjest. Høyr innslaget her frå 1:57:41.

Jubileum - Fjørtoft feira 100 årsjubileum denne sesongen. Martin Løken Lie skora FTIL sitt seriemål nr. 1300 i kampen mot Sykkylven 2. I neste seriekamp mot Emblem 2 spelar Fjørtoft sin seriekamp nr. 600. FTIL står til no med 234 sigrar, 100 uavgjort og 265 tap.

Kaptein - Hans Edvard Nordang er den einaste som har spelt alle serie-, cup- og treningskampane i år. Stopparkollega Joakim Roald er den andre som har spelt alle seriekampane.

Lokaloppgjer - Det blir mange lokaloppgjer denne sesongen. Fjørtoft har gitt Lepsøy og HaNo god motstand opp igjennom åra, men Harøy har vore ei lei nøtt å knekke. Først i det 9. forsøket vart det endeleg siger mot Harøy i seriesystemet.

Media - FTIL har fått bra dekning i media etter comebacket i 6. divisjon:
Jesus måtte vente då Fjørtoft stod opp att (Nordre)
Karl Oskar med comeback (Sunnmørsposten)
Her vaknar fotballen til live att 1.påskedag (NRK)
Fjørtoft IL er tilbake på fotballkartet (Sunnmørsposten)

Publikum - Fjørtoft har hatt ei fantastisk støtte frå publikum denne sesongen. Heile 307 betalande tilskodarar i opningskampen mot HaNo. Og 182 i jubileumskampen mot Langevåg 2. I tillegg har det vore flott oppmøte på bortekampane.

"Slow starter" - Det raskaste seriemålet til Fjørtoft i vårsesongen kom først i det 22. speleminutt. FTIL skåra heile 58% av måla dei siste 30 minutta. Og 1/3 av måla har komt frå det 83. speleminutt og utover!

Toppscorer - Hans Edvard Nordang og Vegard Nybø har skåra flest mål i serien til no med 5 mål kvar. Vegard har oppnådd dette på kun 7 kampar, medan Hans Edvard har skåra 2 av måla på straffespark. Det er et lite stykke opp til Joakim Bendal frå Guard som står med heile 14 mål så langt.

Uslåeleg? Fjørtoft Old Boys er kanskje uenig i det, men i serien ser FTIL ut til å vere uslåeleg. Fjørtoft er saman med Hødd 2 og Åmdal dei einaste laga som står utan tap på Sunnmøre til no i sesongen. Sjå oversikt her. Kun Sykkylven 2, Aksla og Guard har leda mot FTIL så langt i serien.

Æresmedlemmar - På jubileumsfesten vart Karl Oskar Fjørtoft og Harald Nordang utnemnd til æresmedlemmar av FTIL. Frå tidlegare er Gudmund Fjørtoft, Bernt Fjørtoft og Svein Nilsen æresmedlemmar.

Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

 Hovudsponsorar 

 Sponsorar