Fjørtoft slo Stranda 5-2 i den første kampen i OBOS Cup. Vegard Nybø slo til med 4 mål. Knut Arne Frostad scora sitt første mål for FTIL. Kampen vart spelt på Color Line stadion tirsdag kveld.
Dei tre siste spelerane som scora 4 mål i ein offisiell kamp var Rune Otterlei (1995), Erlend Fjørtoft (1991) og Egil Flem (1984). Olav Otterlei (1983) og Bernt Fjørtoft (1976) har scora 5 mål i ein kamp.
Tabell (25.02.2019)
Spjelkavik 2 slo HaNo 6-1 i den første kampen i OBOS Cup. Fjørtoft møter Stranda på Color Line stadion tirsdag i neste veke. Emblem er det siste laget i gruppa.
(20.02.2019)Fjørtoft møter Emblem, Stranda, HaNo og Spjelkavik 2 i gruppespelet. Kampoppsettet er ikkje klart endå, men første kamp blir spelt mot slutten av februar.
(07.02.2019)Fjørtoft er eitt av 18 lag som er påmeldt til turneringa som blir spelt for første gong på Sunnmøre. Gruppespelet blir gjennomført i perioden 25. februar - 14. april. Gruppene vil bestå av minimum fire lag. Det blir deretter utslagsrunde. Dei andre påmeldte laga er: Bergsøy, Emblem, FK Sykkylven, Giske, Guard, HaNo, Harøy, Hasundgot, Langevåg, Lepsøy, Larsnes/Gursken, Rollon, Spjelkavik 1, Spjelkavik 2, Stranda, Vanylven og Åmdal.
(25.01.2019)