27.04.2009 »

Herrer 7'er

AKSLA

11-3

FJØRTOFT


Om kampen

Fjørtoft opna sesongen med stortap mot Aksla på Rattvika stadion i går kveld.

Fjørtoft opna i går sesongen mot Aksla på Rattvika stadion. I 1. Omgang verka det som om dei ikkje hadde våkna etter vinterdvalen. Posisjoneringsproblem og usikkert pasningsspel gjorde at Aksla kom seg lett gjennom forsvaret. I andre enden var spesielt Andre Fjørtoft i høgget på fleire kontringar og var ikkje langt i frå scoring, men det blei med eitt mål for Fjørtoftingane før pause. I andre omgang løfta dei seg fleire hakk offensivt. Fjørtoft heldt ballen meir i laget og spelte til tider god fotball. Men framfor mål var gjestane langt frå sitt beste. Resultatet vart diverre ikkje slik som sjansane skulle tilseie. Skot i tverrliggaren og fleire stolpeskot. Mål-marginane var ikkje på bortelaget si side. Frustrasjonen var til å ta og føle på. Dette utnytta Aksla og fortsette med å gjere det enkelt i andre enden av bana. Det heile enda 11-3. Fjørtoft må nok konsentrere seg hovudsakleg om å klare og stenge igjen dei store opningane bake. Det må vere meir struktur over spelet til laget. I 2. Omgang var der mykje positivt å ta med vidare når det gjeld spelet framover, men avslutningane må terpast på. Aksla var best i dette oppgjeret, men Fjørtoft skulle iallefall hatt ei 4- 5 mål meir.

Mål: Andrè 2 mål, 1 sjølmål,

Stjerner : Andrè 3 Svenn 2 vebjørn 1

Sesong: 2009

Velg andre kampar:



Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar