Det var i det første kvarteret av 2. omgang det meste skjedde i dette oppgjeret. Valldal tok leiinga etter 5 min. av omgangen ved Torstein Rem. Men like etter utlikna gjestene, og dei scora to gonger til med få minutts mellomrom. Det siste kom på straffespark. Valldal kjempa godt og hadde sine sjansar, sjølv om Fjørtoft heldt kontrollen med det meste då laget kom opp i 3-1-leiinga. Dommar: Inge Lilleås, Norddal