ARKIV


Uavgjort

Fjørtoft spelte 3-3 i den siste heimekampen for sesongen. Christian Sæther ga FTIL ledelsen i 1. omgang. Etter pause snudde Lepsøy kampen. Jan Tore Fjørtoft utligna til 2-2 og satte seinare inn 3-2. Like før slutt utligna Lepsøy til 3-3.

(09.10.2019)

Siger mot Ravn

Det vart siger i den første flomlys-kampen på Fjørtoft stadion. Fjørtoft tok ledelsen etter scoring av Vegard Nybø. Ravn utligna etter ein misforståelse i forsvaret til FTIL. På overtid i 1. omgang scora Torgeir Garshol sitt første mål for Fjørtoft.

I 2. omgang utligna Ravn igjen etter eit flott angrep. Dei skapte utover i omgangen mange sjansar på kontringer. Men det var Fjørtoft som fekk sigersmålet. Arild Vågnes satte inn 3-2 på overtid.

(30.09.2019)

Siger

Fjørtoft vann 5-1 borte mot Spjelkavik 3 onsdag kveld. Mathias Fjørtoft, Johan Stavik og Vegard Nybø (3) scora måla.

Mathias spelte sin 50. offisielle kamp for FTIL. Johan scora sitt første mål for Fjørtoft. Vegard Nybø scora sitt 25. mål for sesongen. Fem av dei i treningskampar.

(18.09.2019)

Fjørtoft-Giske 0-7

Giske tok eit langt steg mot opprykk etter sigeren på Fjørtoft stadion. Fjørtoft tangerte det største tapet mot Giske i serien frå 1975.

(07.09.2019)

Fjørtoft-Harøy 6-3

Det vart målrikt då Fjørtoft vann nok eit lokaloppgjer. Aleksander Håskjold, Arild Vågnes, Henrik Omenås, Vegard Nybø og Martin Løken Lie (2) scora måla. Stillinga var 4-2 ved pause. Martin scora måla sine i sluttminutta. Arild Vågnes scora sitt første mål for FTIL.

Det var første gong sidan 1967 at Fjørtoft vann ein seriekamp 6-3.

Giske-MSIL endte 6-0.

(04.09.2019)

Fjørtoft-HaNo 4-1

Vegard Nybø (2), Martin Løken og Mathias Fjørtoft scora måla i lokaloppgjeret på onsdag. Vegard Nybø var tilbake frå skade og spelte sin 50. offisielle kamp for FTIL.

Andre kampar på onsdag: MSIL-Harøy 0-1. Lepsøy-Giske vart avlyst.

(26.08.2019)

Tap mot MSIL

Fjørtoft tapte 2-3 heime mot MSIL i den siste kampen før ferien. Hans Edvard Nordang reduserte til 1-2 før pause. I 2. omgang reduserte Jan Tore Fjørtoft til 2-3. I sluttminutta jakta Fjørtoft redusering men fekk ikkje ballen i mål.

(17.06.2019)

Tap mot Lepsøy

Fjørtoft tapte 2-0 mot Lepsøy på onsdag. Arild Vågnes debuterte for Fjørtoft.

Jacob Sønderland spete sin 50. offisielle kamp for FTIL. Kun Hans Edvard Nordang har spelt fleire kampar sidan A-laget gjorde comeback i 2017.

Andre kampar i dag: Ravn - HaNo og Spjelkavik 3 - Giske.

(12.06.2019)

Siger mot Ravn

Fjørtoft vann 4-2 borte mot Ravn på onsdag. Målscorera var Hans Edvard Nordang (straffe), Jan Tore Fjørtoft og Vegard Nybø (2 mål). Jan Tore scora sitt første seriemål for Fjørtoft.

Andre kampar på onsdag: MSIL-Lepsøy 8-0 og Harøy-Spjelkavik 3 endte 5-0.

(04.06.2019)

Tap mot Rollon

Fjørtoft tapte 1-7 heime mot Rollon i OBOS Cup på søndag. Ove Otterlei scora målet. Martinus Fjørtoft spelte sin første kamp for FTIL.

Dette var den første av to kampar i mellomspelet. Giske er det siste laget i gruppa. Vinnaren av gruppa går vidare til semifinale.

(24.05.2019)

Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar