Fjørtoft vann den første heimekampen for sesongen med 3-1 over Spjelkavik 3. Ola Skjelten ga Fjørtoft ledelsen med sitt første seriemål for klubben. Hans Edvard Nordang satte inn både 2-0 og 3-1 frå straffemerket. Han er med det oppe i 20 mål i offisielle kampar for FTIL.
Topplaget Giske vann 5-0 borte mot HaNo. Lepsøy-Ravn er flytta til 26. juni.
Tabell (22.05.2019)
Ventetida er over! Det er klart for årets første heimekamp på Fjørtoft stadion. Onsdag 22. mai tek vi i mot Spjelkavik 3. Kampstart kl. 19.15. Vel møtt til sosial prat på tribuna, gode kioskvarer og underhaldande fotball ute på grasmatta!
Liveoppdatering på twitter og på facebook for dei som ikkje har anledning til å møte.
Det er første gong Fjørtoft møter Spjelkavik 3. Andrelaget var motstandar i OBOS Cup i mars. Den kampen endte med siger 4-0. Forrige møtet med førstelaget deira var i 1993 då Erlend Fjørtoft scora i ein kamp som endte 1-1.
Fjørtoft leia lenge 1-0 mot Giske etter scoring av Vegard Nybø. Giske utligna i det 69. speleminutt og scora to til like etter. I sluttminutta reduserte Fjørtoft etter eit frispark frå Vegard Nybø. På overtid fekk Fjørtoft straffespark som Vegard Nybø satte i mål.
Vegard Nybø er dermed oppe i 50 mål for Fjørtoft på kun 58 kampar.
(15.05.2019)
Fjørtoft møter Giske på Giske stadion onsdag 15. mai kl. 18.30. Giske toppar tabellen etter tre strake sigrar.
Dette blir det første møtet med Giske i serien sidan 2000. Det vart då siger borte (3-1) og tap på heimebane (2-4). Giske er eit lag FTIL har slitt med i serien med kun sju sigrar på 24 kampar. Olav Otterlei scora fem mål mot dei frå 1974 til 1987. Henning Otterlei scora fire mål i 1999 og 2000.
Andre kampar på onsdag: Harøy-HaNo og Spjelkavik 3-MSIL.
(13.05.2019)
Fjørtoft tapte 3-2 mot Harøy. Harøy tok ledelsen i det 20. speleminutt. Vegard Nybø utligna få minutt seinare. Stillinga var 1-1 ved pause. Fjørtoft tok ledelsen i det 65. minutt ved Markus Hurlen. Men Harøy scora to mål den siste halvtimen.
Giske avgjorde toppkampen mot MSIL i sluttminutta og vann 3-2. Lepsøy tapte 1-3 heime mot Spjelkavik 3.
(08.05.2019)
Fjørtoft møter Harøy onsdag den 8. mai kl. 19:15 på Harøy stadion.
Dette blir det ellevte møtet med Harøy i serien. Fjørtoft har fortsatt berre slått dei éin gong. Det var i 2017.
Harøy slo Lepsøy borte i den første kampen, men tapte heime mot MSIL i forrige veke.
Vegard Nybø er mestscorande mot dei i serien med tre mål. Rune Otterlei scora to mot dei i 1999. Severin Longva og Svein Otterlei scora to mål kvar mot Myklebust som stilte eige lag på 60-tallet.
Andre kampar denne runda er MSIL-Giske og Lepsøy-Spjelkavik 3.
(06.05.2019)
Fjørtoft møter Giske og Rollon i mellomspelet av turneringa. Dei to oppgjera er satt opp til å spelast i mai og juni. Gruppevinnarane gjeng vidare til semifinale.
Gruppe A: Bergsøy, Harøy, Spjelkavik 2
Gruppe B: Fjørtoft, Giske, Rollon
Gruppe C: Hasundgot, Langevåg, Vanylven
Gruppe D: FK Sykkylven, Larsnes/Gursken, Stranda
Fjørtoft serieopna med 6-0 borte mot HaNo. Dette var Fjørtoft sin siger nr. 250 i serien sidan oppstarten i 1964. Hans Edvard Nordang scora 2 mål på straffespark. Knut Arne Frostad og Odd Fredrik Helland Sønderland scora i seriedebuten. Vegard Nybø la på til 5-0 og 6-0. Det femte målet var Fjørtoft sitt seriemål nr. 1400 i historia.
Markus Sønderland Hurlen debuterte og i serien for Fjørtoft. Hans Edvard Nordang spelte sin 50. offisielle kamp for FTIL.
Det er no kun Gudmund Fjørtoft, Arne O. Fjørtoft, Rune Otterlei, Bernt Fjørtoft, Erlend Fjørtoft og Olav Otterlei som har scora fleire mål enn Vegard Nybø for Fjørtoft.
Andre kampar i dag: Harøy-MSIL 2-4 og Giske-Lepsøy 8-2. I går: Spjelkavik 3 - Ravn 3-2
(01.05.2019)
Fjørtoft møter HaNo på bortebane i serieopninga 1. mai kl. 18:30.
I 2017 vart det 0-0 mot HaNo i serieopninga på Fjørtoft stadion. Returoppgjeret endte med siger 6-0. I mars vart det ein litt heldig 3-2 siger i OBOS Cup på Color Line stadion.
FTIL har hatt ein god forsesong med solid innsats i OBOS Cup. I tillegg har det blitt ein del målrike treningskampar. Vegard Nybø har allereie scora 11 mål. Nykommar Knut Arne Frostad har fem mål på seks kampar.
Erlend Fjørtoft har fortsatt flest mål i seriekampane mot HaNo med fire. Vegard Nybø scora hattrick mot dei i 2017. Knut Bjarte Otterlei og Torgeir Fjørtoft har scora to. Eldar Tandstad, Bernt Fjørtoft og Olav Otterlei scora alle fem mål i oppgjera mot Haramsøy og Nordøy på 70- og 80-tallet.
(26.04.2019)
Fjørtoft tapte 3-4 mot Stordal/Ørskog på onsdag i den siste treningskampen før seriestart. Knut Arne Frostad sendte Fjørtoft i ledelsen. Vegard Nybø reduserte til 2-3 og utligna til 3-3.
1. runde i 6. divisjon i kveld: Ravn-Giske 0-3, Lepsøy-Harøy 2-3, MSIL-HaNo 3-1
(23.04.2019)