ARKIV


Hallo alle fjørtoftvenner

I 2017 feira FTIL 100-års jubileum, og for eit jubileumsår det vart: Nyetablert A-lag med direkte opprykk til 5.divisjon, stor renovering av grasbana på Fjørtoft Stadion, jubileumsboka FTIL 1917-2017, oppmerka turstiar på kryss og tvers på øya, eigen fengande klubbsong, renovering av dusjar og garderobar på skulen og mange ulike aktivitetar for folk flest gjennom heile fjoråret. To av våre vart Sunnmøres Ildsjeler 2017! I 2018 står følgjande arbeid for tur: Vidare renovering av grasbana, nytt opplegg for lyd og lys, ny tribune og oppgradering av kiosk og lager. I tillegg ulike aktivitetar som skal skape positive opplevingar for fastbuande og tilreisande. Som alle kjenner til, rykte FTIL direkte opp i 5. divisjon i fjor. Oppslutninga frå fotballspelarar med røter frå Fjørtofta og andre med tilknytning til øya gjennom kameratar og slekt, har vore stor. I laget anno 2018, er status pr. dato 25 spelarar! Alle desse vil spele på Fjørtoft på grunn av godt lagmiljø og lokal entusiasme! A-laget trenar no tre gongar i veka på fastlandet, i hovudsak i Ålesund. Dette sidan alle spelarar jobbar eller går på skule rundt om i Møre og Romsdal. Alle heimekampar skal sjølvsagt spelast på Fjørtoft Stadion. Det gler vi oss veldig til! I 2018 må vil halde fram med renovering av grasbana. Nytt klippeutstyr kom på plass i fjor, mellom anna takka vere ei formidabel kronerulling som tilførte FTIL 79.900 kroner! Mykje dugnadsarbeid ventar oss også i 2018. FTIL har som overordna mål at grasbana skal framstå som ei av dei finaste i fylket. Det byrjar å verte få, fine grasbaner rundt om. Derfor er Fjørtoft Stadion nokså unik og vert lagt merke til av mange. Om nokre år står Nordøyvegen ferdig, og og då vil eit oppdatert grasanlegg på Fjørtofta også kunne nyttast i ulike samanhengar av lag frå øyane og fastlandet. Når laget no spelar i 5. divisjon, set det også krav til betre standard på lyd og lys på stadion. Vi har også konkrete planar om å få bygt skikkelege tribuneplassar til ca 70 personar no i vår. Tribuna skal plasserast på nordsida av grasbana. FTIL går i desse dagar breitt ut for å skaffe sponsorar både til drift og nyinvesteringar. I 2018 vert det naudsynt med nytt lydanlegg. I tillegg vil vi flytte lysmastene frå grusbana til stadion. I mastene skal det monterast nye lys og faste høgtalarar med skikkeleg lydkvalitet. Når dette er på plass i løpet av våren 2018, vil FTIL ikkje ha problem med å spele alle haustkampar etter oppsette terminlister, og vi vil kunne informere publikum og presentere sponsorane våre på ein skikkeleg måte. For alle som bur på øya og besøkjer oss i samband med fotball og andre typar arrangement, vil ei slik oppgradering bety veldig mykje. Auka besøk til øya i fotballsesongen betyr også mykje for «Handeln». For å sikre at vi greier måla vi har sett oss dette året, startar FTIL no ei kronerulling for å få til ei ekstra økonomisk drahjelp også i 2018. Dette håper vi at DU vil vere med på! Beløpet bestemmer du sjølvsagt sjølv. All støtte sendast til: Kontonummer 3910.56.47550 og merk overføringa «Bane, lys og lyd 2018» eller søk opp Fjørtoft Turn- og Idrottslag på Vipps og gi ditt bidrag. Vipps-nummer: 103054. Beste helsing Fjørtoft Turn- og Idrottslag sesongen_2017

(26.01.2018)

Årsmøte i FTIL

Det er årsmøte i FTIL laurdag den 17. februar kl. 1500 på Fjørtoft skule.

Sakliste:
1) Innkalling
2) Årsmelding 2017
3) Rekneskap 2017
4) Planar og dugnardsarbeid 2018
5) Budsjett 2018
6) Orientering om A-laget i 5. divisjon 2018
7) Marknad 2018
8) Val
9) Eventuelt

Eventuelle årsmøtesaker under punkt 9 må meldast skriftleg til styret ved leiar Harald Nordang innan 1. februar.

(23.01.2018)

Sesongoppkjøringen er i gang!?? 2018 blir bra🙏🏻??🔵

A post shared by Fjørtoft Turn & Idrottslag (@fjortofttil) on

(17.01.2018)

(12.01.2018)

Foreløpig terminliste er klar

Fjørtoft er satt opp til å møte Hovdebyga på heimebane i første serierunde den 12. april. 16. mai kjem Norborg på besøk. Sjå oppsettet på fotball.no. Det kan bli endringer fram mot seriestart.

(20.12.2017)

Sesongkort for 2018 til salgs

Kjøp det via Vipps eller send oss ei melding på Facebook.

(16.12.2017)

Gåvetips til jul?

Jubileumsboka er til salgs på Fjørtoft Handelslag.

(29.11.2017)

Stem på klubben i ditt hjerte

Er FTIL "klubben i DITT hjerte?". Klikk deg inn på lenkja og stem. Får vi over 50 stemmer i løpet av døgnet er vi med i trekninga om 10.000,-. Du kan stemme på nytt kvar dag. For kvart døgn vi får 50 stemmer eller meir er vi med i ei ny trekning. Totalt kan vi vere med i 10 ulike trekningar. Stem her.

(12.11.2017)

Hans Edvard og Ove vart årets ildsjeler!

STOLT! 💙💙

Posted by Ragnhild Louise Nordang on Sunday, November 5, 2017

(06.11.2017)

Laga i 5. divisjon neste år

(01.11.2017)

Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar