To av våre ildsjeler, Hans Edvard Nordang og Ove Uhlen Otterlei, er nominert til «Sunnmøres Ildsjel - 2017».
Send kodeord Ildsjel 3 til 2242, dersom du ønsker å gi di stemme til desse to og Fjørtoft Turn- og Idrottslag.
Les meir om dette her. Ein kan og avgi stemme med å like dette bildet på Facebook.
Årets siste kamp endte 1-1 på Fjørtoft stadion. Sæbø vann dermed 7-3 samanlagt. Vi gratulerer Sæbø med kretsmesterskapet. Sjå oppdateringer frå kampen på Facebook.
Det ville seg ikkje heilt i KM-kampane, men Fjørtoft har hatt ein flott sesong i comebacket.
På dei 10 kampane om KM-tittel eller kvalifisering til opprykk i historia har FTIL kun ein siger.
Guard slo Åmdal 4-2 i kvalik i dag og rykker dermed opp i 5. divisjon. Dei vann 6-4 samanlagt.
(26.10.2017)Fjørtoft tapte den første kampen om KM-tittelen 6-2. Vegard Nybø og Hans Edvard Nordang skora måla. Returkampen blir spelt på Fjørtoft stadion neste laurdag. I kvalik om opprykk spelte Åmdal og Guard 2-2.
(22.10.2017)
Fjørtoft spelar borte mot Sæbø i morgon i den første kampen om kretsmesterskapet i 6. divisjon. Kampen går på Sæbø kunstgras kl. 14:00. Følg oppdatering frå kampen her.
Brattvåg skora i sluttminutta og vann 1-0 borte mot Os. Dei rykker dermed opp i 2. divisjon og møter Hødd neste år. Gratulerer til Brattvåg. Og ikkje minst til trenar Karl Oskar Fjørtoft med sitt andre opprykk på 10 dagar.
(21.10.2017)Fredag vart det klart at Langevåg tek vegen ned frå 4. divisjon saman med Norborg. Valder og Ørsta rykka opp i 4. divisjon på torsdag. Medan Giske, Vigra og Åram/Van.kam rykker ned i 6. divisjon. I tillegg skal Åmdal og Guard spele playoff om den siste plassen frå 6. divisjon.
Laga i 5. divisjon neste år blir dermed:
Langevåg *, Norborg, Blindheim, Herd 2 *, Skodje, Volda 2 *, Hovdebygda, Ellingsøy, Stranda *, Fjørtoft, Sæbø og Åmdal eller Guard.
Lag som FTIL ikkje har spelt mot tidlegare er markert med stjerne. Herd har vore motstander før, men ikkje andrelaget. Det er 30 år sidan sist Fjørtoft møtte Skodje i seriekamp. Forrige møte med Norborg i serien var i 1998. Fjørtoft vann den kampen 10-0.
Sæbø vann avdelinga si etter at dei slo Hasundgot 4-2. Dei møter dermed FTIL i kampen om KM-tittelen. Trekninga er no klar. Første kamp blir spelt i Sæbø.
22. oktober: Sæbø-Fjørtoft kl. 14.00
28. oktober: Fjørtoft-Sæbø kl. 14.00
Guard møter Åmdal i playoff om den siste plassen i 5. divisjon.
Sæbø vann og avdelinga si ifjor, men då var det ikkje opprykk frå 6. divisjon. Dei tapte 6-5 samanlagt mot Lepsøy i kampen om kretsmesterskapet.
Fjørtoft hadde full kontroll borte mot Blindheim 2 i kveld. Det stoppa til slutt på 5-0. Fleire av skoringane kom etter fint spel. Martin Sundnes skora 1-0 etter flott assist av Aleksander Lunheim. Like etter skora Mathias Fjørtoft sitt første mål for sesongen. 3-0 kom etter et frispark frå langt hold som Lunheim dundra rett i mål.
Etter pause haldte Sundnes oppvisning før han avslutta hardt i tverrligger og inn. Jacob Sønderland avslutta med 5-0 åleine med keeper.
FTIL gjekk dermed ubeseira igjennom sesongen. Laget har slått dei fleste klubbrekordane. For andre gong i historia slapp FTIL inn under eit mål i snitt per kamp. Forrige gong var i 1983.
Onsdag blir det klart kven som blir motstandar i kampen om KM-tittelen.
Foto: Kjell Arne Fjørtoft
Fjørtoft spelar tirsdag den siste seriekampen for sesongen. Kampstart er kl. 18:30. FTIL vil med poeng gå ubeseira i serien. Onsdag blir det avgjort kven FTIL møter i kampane om KM-tittelen. Sæbø leiar avdelinga med eit poeng framfor Åmdal før siste serierunde.