Om kampen
Valldal var nokså overlegne i gårsdagens kamp mot Fjørtoft, der resultatet til slutt vart 6-2 til heimelaget. I 1. omgang dominerte Valldal fullstendig, og ved pause stod det 3-0. Målscorarar var Nils Petter Ringseth og Oddmar Uri 2. Etter pause vart det langt jamnare, og Knut Bjarte Otterlei, Fjørtoft, gav kampen spenning igjen, då han scora to raske mål. Valldal kom tilbake, og scora to gonger ved Viktor Valdal og Oddmar Uri, og dermed 6-2. Dommar var Sigurd Kolseth, Spjelkavik.
(Sunnmørsposten)