« 21.08.2007 »

Herrer 7'er

FJØRTOFT

5-3

SKODJE


Om kampen

Skodje gjesta Fjørtoft Stadion tirsdag kveld, men måtte reise heim utan poeng i fotballsekken. Fjørtoft var overlegne i første omgang, men det jamna seg til i slutten av andre. Kampen enda til slutt 5-3 i heimelaget sitt favør.

Flotte mål
Fjørtoft stilte mannsterke denne kampen med heile 13 mann, og Skodje med sine 8 skulle sjå ein tøff kamp i møte. Kampen var jamnspelt det første kvarteret før Christian Hegner fekk "hol på byllen" med eit velplassert skot. Heimelaget fortsette presset og det var ikkje gått mange minutt før kaptein Vebjørn Fjørtoft auka leiinga til 2-0. Skodje som i tillegg til svakt oppmøte stilte med eit ungt lag reduserte omtrent midtveis i første omgang. Etter dette tok Fjørtoft igjen kontrollen og Roar Fjørtoft putta eit tredje mål før dommaren bles til pause.

Svært jamn andre
Skodje viste seg som eit betre lag i andre omgang då dei var meir duellvillige og synte mange fine angrep. Fjørtoft fekk meir motstand, men auka med dette også sin eigen innsats og hadde mange fine spel framover utan at dei gav uttelling med det første. Det skulle gå over tjue minutt før Fjørtoft, då med Ole Kristian Otterlei, sette ballen sikkert i nota på halv volley. Etter dette kunne det sjå ut som at heimelaget trudde sigeren var deira, og ilden i Fjørtoftspelet var blitt betrakteleg minska. Dette utnytta Skodje, og sette raskt inn både eitt og to mål på fine kontringar.

Nervepirrande avslutning
Stillinga var no blitt 4-3, og spenningsnivået var høgt då Skodje hadde det meste av spelet inne på heimelaget sin banehalvdel. Då 3 minutt gjenstod la forsvarsklippe Olav Reenskaug ein lang ball fram til Kurt Vadseth som verkeleg viste fin fotball då han runda ein forsvarar, kom seg ned til dødlinja og sette ballen ut 45 grader til Kent Harry Krogsethagen som iskaldt sette ballen i lengste hjørne. Med dette var kampen avgjort og glade Fjørtoft-spelarar kunne puste letta ut med sikre tre poeng i sekken.

Sesong: 2007

Velg andre kampar:



Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar