Herrelaget møtte Ørskog heime på Søndag. Herrelaget opna svært bra, men måtte spele 30 minutt av andre omgang med kun seks spelarar grunna utvisning. Kampen enda til slutt 3-5.
Herrelaget heldt nullen lenge før dei sette inn to kjappe rett før pause. Etter pause starta dei også friskt og auka til 3-0. Men Ørskog sette inn ei redusering. Ikkje mange minutta etter vart keeper Magnus Bringsvor utvist. Fjørtoft måtte dermed spele dei resterande 30 minutta med forsvarar Olav Reenskaug i mål og kun seks spelarar på bana. Etter dette kom det mange mål frå Ørskog og serieledaren reiste tilbake med 3 ufortente poeng i lomma. Fjørtoft spelte ein svært sterk kamp og viste lovande takter for komande kampar.
Oddbjørn og Vichente klare til kamp
Corner til Ørskog
Håvard Silseth spelte ein god kamp i forsvar
Oddbjørn i ein av mange duellar framme
Svenn Even var som vanleg ein svært sentral aktør gjennom heile kampen