Om kampen
Lepsøy slo tilbake etter 0-9 for Herd i seriepremieren fekk Lepsøy sin revansje laurdag då dei slo Fjørtoft 4-3 i 5. divisjon i ein innhaldsrik og spanande kamp. Ståle Hurlen gjorde 1-0. det einaste målet i 1. omgang. Erlend Fjørtoft utlikna, medan Klaus Kjerstad sorga for heimeleiing 2-1. Hurlen auka til 3-1 og Kjerstad til 4-1 før Frode Fjørtoft og Frode Tjelta reduserte for gjestane. Hurlen var best på heimelaget. Erlend Fjørtoft og Geir Otterlei hos gjestane.
(Sunnmørsposten)