19
JUN
  FJØRTOFT
MSIL
 19:15
 

« 07.09.2006 »

Herrer 7'er

ØRSKOG

12-2

FJØRTOFT


Om kampen

Torsdag 07. September gjesta herrelaget Ørskog Stadion. I piskande regn på ei tung grusbane enda kampen til slutt med 11-2 tap for Fjørtoftingane.

Fin start
Kampen starta jamnt, men Ørskog tok tidleg føring med eit lag som fungerte mykje betre enn det Fjørtoft i store delar av kampen viste. Store delar av første omgang gjekk føre seg på gjestane sin banehalvdel og sjansane var få for gjestane. Ørskog fekk likevel store rom å spele på, og fekk kome til avlutning veldig ofte. Gjestelaget med eit uheldig forsvar og "vikar-keeper", Magnus Bringsvor, måtte til slutt sjå mål etter mål treffe nota. Laga gjekk til pause med stillinga 0-6, favør Ørskog.

Redusering etter pause
Fjørtoft opna andre omgang best og hadde godt spel framover, ofte anført av kaptein, Bjørnar Otterlei. Så endeleg kom reduseringa etter at Svenn Even Otterlei runda forsvaret å sette ballen i lengste hjørne med "feil" fot. Etter dette la Fjørtoft seg bakpå og Ørskog kom framover med mykje folk, og gjestane måtte sjå ball etter ball snike seg over streken.

Straffe
Seint i andre omgang kjempa Oddbjørn Reenskaug seg gjennom forsvaret, kom innafor 7-meteren og vart ulovleg stoppa av ein Ørskog-forsvarar. Dommaren dømmer straffe. Keeper Magnus Bringsvor set straffa nede i høgre hjørne. Dommaren bles av rett etter dette og kampen enda til slutt men 2-11 tap for Fjørtoft.

Hos Fjørtoft leverte Bjørnar Otterlei ein svært god kamp og vart med dette korrekt kåra til gjestane sin beste spelar denne kampen. Kan også trekke fram Oddbjørn Reenskaug, som la ned ein god innsats for Fjørtoft.

Sesong: 2006

Velg andre kampar:



Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar