Det har vore mange tap for Fjørtoft herrelag denne sesongen, og fredagens tap mot tabell-leiar Norborg var intet unntak. Fjørtoft spelte bra i store delar av første omgang, men utover kampen rakna det for vertane, som gjekk av bana med 1-11 tap.
I strålande sommarsol på Fjørtoft Stadion fredag var det duka for kamp mellom topp og botn i sjuarserien for herrelag. Norborg sikra seg førsteplassen i serien etter denne kampen og skal dermed mest truleg møte Aafk og Brandal i KM-sluttspelet.
God start
Fjørtoft viste mykje flott spel og var fleire gongar frampå med gode sjansar, men likevel var det Norborg som skulle setje inn det første målet. Gjestane hadde allereie nådd å få ei fin 3-0 leiing før vertane skulle score. Målet kom då kaptein Bjørnar Otterlei spelte fri Ole Kristian Otterlei som plasserte ballen fint nede i vinkelen. Men Norborg ville ha meir mål, og fikk det. Laga gjekk til pause med 1-5.
Svak andre
Då laga kom på bana etter pause var det gjestane som viste initiativ med mykje flott spel. Mange av Norborg sine mål denne kampen var det ein god Geir Ove Grønli som stod for. Fjørtoft hadde også fleire kontringar, men eit sterkt gjeste-forsvar stoppa det meste. Etter ei "måltørke" tidleg i andre omgang, sette gjestane inn mål etter mål bak Fjørtoft-målvakta, og kampen enda til slutt med 1-11 tap for Fjørtoftingane.
Bjørnar har akkurat fyrt av eit frispark
Geir Ove Grønli med frispark for Norborg
Oddbjørn i duell med Martin Vegsund
Ole Kristian la ned ein kjempeinnsats for herrelaget, her ventar han på eit innkast
Heimelaget ser ei avslutning gå over
Svenn Even stussar ballen framover
Olav Reenskaug spelte ein svært god kamp i forsvar. Her med "intravenøst" etter kampen