« 22.09.2006 »

Herrer 7'er

BRATTVÅG

12-2

FJØRTOFT


Om kampen

Søndag var det duka for kamp mellom Fjørtoft og Brattvåg. Kampen vart spelt under fine forhold på kunstgrasbana i Brattvåg. Fjørtoft viste mykje godt spel, men var uheldige framfor både motstandaren og sitt eige mål. Brattvåg drog til slutt det lengste strået, og Fjørtoft som hittil denne sesongen står utan siger i serien, reiste heim poenglause.

Fint spel
Etter at Fjørtoft-målvakt Jan André Møst omsider var komen til rette på stadion,
etter ei forsinking kunne kampen byrje. Begge lag viste mykje fint spel,
og begge lag kom med fleire avslutningar på mål dei første minutta, men Brattvåg fekk det første målet. Brattvåg la på to mål til før Fjørtoft skulle få sitt første. I det 21. minutt blei
Oddbjørn Reenskaug spelt fint gjennom Brattvåg-forsvaret og kunne setje ballen
trygt i nota bak Fredrik Løken mellom Brattvåg-stengerne. Etter dette var spelet bølgjande,
og vertane scora to mål til før pause, det eine var ei flott avslutning etter eit imponerande
raid av unge Hazhin Hassan. Laga gjekk til pause med stillinga 5-1.

Uflaks i andre
Andre omgang var mykje lik den første, men Fjørtoft skulle vise seg å vere mykje meir
frampå. Byrjinga av omgangen var mållaus og mykje av spelet gjekk føre seg på midtbana.
Slik heldt det fram til det 57. minutt, då Svenn Even Otterlei dribla seg gjennom vertane sitt
forsvar og sette inn sitt fjerde mål for sesongen. Gjestane hadde mykje godt spel utover i
omgangen, men var svært uheldige bakover, og Brattvåg hadde sett inn 7 mål før ein dyktig
dommar, Per Willy Otterlei, bles i fløyta og Brattvåg kunne juble for 3 poeng.

Sesong: 2006

Velg andre kampar:



Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar