« 11.06.2006 »

Kvinner 7'er

HARØY

4-3

FJØRTOFT


Om kampen

Det var ein jamn kamp då Fjørtoft gjesta Harøy stadion Søndag. Fjørtoft pressa Harøy store delar av kampen, men Harøy hadde marginane på si side og kampen enda til slutt 4-3.


Perle av Silseth
Fjørtoft starta kampen friskast og det meste av spelet gjekk føre seg på vertane sin banehalvdel. Men dei fekk ikkje uttelling før omlag 17 minutt ut i første omgang, då Gro Silseth avslutta frå omlag 15 meter og ballen enda vakkert opp i vinkelen bak Harøy-målvakt Anett Hersel. Etter dette var det storesøster Ingrid sin tur å juble for nettkjenning etter eit flott skot som smaug seg innanfor stolpen.

Opphenting av Harøy
Harøy skulle óg vise seg å vere eit like så sterkt angreps-lag som laget frå naboøya. Ofte anført av Monica Strand Fitje kom Harøy framover i angrep og to gongar på rad enda ballen hos Synnøve Steinshamn som sette ballen sikkert i nota bak Fjørtoft si målvakt, Maren Bringsvor.

Svak andre av Fjørtoft
Etter pause var det labert spel av fjørtoftingane og dei lot Harøy få sleppe til i alt for stor grad. Dermed kunne Synnøve Steinshamn fullføre sin hatrick med ein velplassert ball nede ved stolperota. Fjørtoft ville ikkje gi seg og pressa Harøy dei siste 20 minutta, men keeper Anett Hersel forhindra utlikning med mange flotte redningar. Etter nok eit mislykka angrep frå gjestane kunne Harøy kontre og kaptein Monica Strand Fitje sette spikeren i kista med Harøy sitt fjerde.

Fjørtoft redusering
Etter mange mislykka angrep tidlegare i omgangen scora Ingrid Silseth Fjørtoft sitt siste mål for kampen i det siste speleminuttet, før ein dyktig dommar, Tore Sæterøy, bles av kampen som enda 4-3.


Spente Fjørtoft-spelarar på kaia før kamp


Medreisande publikum.


Anne-Lise Breivik klarerer etter Fjørtoft-corner


Ingrid i duell med Harøy si Camilla Skarshaug


Kast til Fjørtoft...


..som endar i feltet til Harøy.


Vikar-keeper Maren Bringsvor gjorde ein god jobb mellom stengene


Fjørtoft i eit av mange angrep


Sesong: 2006

Velg andre kampar:



Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar