« 14.08.2006 »

Kvinner 7'er

FJØRTOFT

1-2

ØRSKOG


Om kampen

Fjørtoft damelag tok mandag kveld i mot tabell-jumbo Ørskog på Fjørtoft Stadion. Ivrige supportarar og overtak i samtlege minutt skulle ikkje forhindre at Ørskog reiste attende med tre poeng i "overlast".

Fin opning
Med sin førstekeeper Kristine Nordang attende etter eit lengre skadeopphald, opna Fjørtoft kampen friskast. Spelet var godt og vertane hadde mange flotte angrep, men vart hindra av ei svært god Ørskog-målvakt. Etter eit av dei mange angrepa spelte Ørskog-keeperen raskt ut og gjestane kontra. Fjørtoft blei "tatt på senga", og Ørskog kunne setje inn eit overaskande 1-0 mål.

Tidleg skade
Etter dette var Ørskog berre meir og meir frampå og avlutningane var mange. Etter ein duell med ein Ørskog-angripar måtte Fjørtoft-keeper Kristine Nordang forlate bana med skade, og vart erstatta av Maren Bringsvor. Utover i kampen vart det produsert sjansar av begge lag, og spelet bølgja fram og tilbake. Etter ein jamnspelt første omgang bles dommar Vebjørn Fjørtoft til pause.

Hardtkjempande Fjørtoft
Fjørtoft byrja andre omgang som i den første, hardtpressande. Fjørtoft sine angriparar såg avlutning etter avslutning hamne i klypene på Ørskog-målvakta. Vertane spelte til tider fin fotball, og overtaket såg igjen ut til å vere Fjørtoft sitt. Etter mykje press måtte Ørskog sin keeper til slutt sjå Ingrid Silseth si avslutning treffe nota. Fjørtoft trudde no at dei med dette skulle sikre seg poeng, men det vart ikkje som antatt. Ørskog kom framover på midtbana og det som skulle vere ei pasning vart til ein fin lobb som sneik seg over Fjørtoft-keeperen og såvidt under tverrliggaren. Ikkje lenge etter dette bles dommaren av, og kampen enda 2-1, favør Ørskog.



Birthe Bringsvor spelte ein svært god kamp i forsvar



Gro Silseth i ein av mange duellar på midtbana



Ingrid pressar Ørskog sitt forsvar



Stor jubel etter utligning seint i andre omgang



Ørskog kontrar

Sesong: 2006

Velg andre kampar:



Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar