« 19.08.2007 »

Kvinner 7'er

FJØRTOFT

4-3

RAVN


Om kampen

Fjørtoft damelag tok imot Ravn på Fjørtoft Stadion Søndag foremiddag. Det vart ein jamn kamp der Fjørtoft-damene til slutt trekte det lengste strået.

Ravn best i opninga
Kampen var ikkje mange minutta gammal då Ravn fekk frispark 18 meter frå Fjørtoft og keeper, Maren Bringsvor, sitt mål. Marthe Tennfjord Vadseth løfta ballen fint over muren og ballen enda opp i lengste kryss og Ravn var oppe i leiinga 1-0. Etter dette såg Fjørtoft ut til å vakne og kom meir og meir inn i spelet, før Ingrid Silseth sette ballen i nota etter ein retur frå Ravn-målvakt Solveig Hurlen.
Frå dette og fram til pause kunne det sjå ut som om det var berre eitt lag på bana og då dommaren bles til pause kunne Fjørtoft puste ut med ei behageleg 2-1-leiing.

Innhenting av bortelaget
Fjørtoft fortsette å presse etter pause, og 7 minutt ut i andre omgang sette Birthe Bringsvor inn sitt andre for dagen og auka leiinga etter ein fint slått corner frå Gro Silseth. Men gleda skulle ikkje vare lenge, for Ravn hadde meldt seg inn i kampen for fullt og det gjekk ikkje lange tida før det vart putta både eit og to mål av dei raude og kvite og utligninga var eit faktum. Det siste kvarteret var spenningsfylt på Fjørtoft Stadion då målsjansane var mange både for heime- og bortelag.

Scoring på tampen
I det 72. minutt sendte Fjørtoft si bestedame, Lene Æsøy, ei lang pasning fram til Ingrid Silseth som venda seg rundt ein ravn-forsvarar og scora sitt andre og Fjørtoft sitt fjerde for kampen. Det såg ut til å gå vegen for heimelaget, og dei heldt ut dei siste minutta før dommaren bles av og sigeren var i hamn. Ein jamn og fin kamp med flott spel frå begge lag.

Sesong: 2007

Velg andre kampar:



Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar