« 24.05.2006 »

Herrer 7'er

FJØRTOFT

3-6

BRATTVÅG


Om kampen

Tysdag gjesta Brattvåg sitt 7’ar-lag
Fjørtoft stadion. Vertane stilte med svekka
Lag, men kom seg likevel greitt Gjennom
kampen takka vere god innsats og vilje.


Skadeskote Fjørtoft
Med sin faste keeper Jan Andre Møst ute med lårstrekk måtte Fjørtoft sette midtbanespelar Magnus Bringsvor som erstattar mellom stengene. Fleire andre var fråverande frå Fjørtoft si tropp, men laget heldt likevel kampen jamn til stor begeistring for dei frammøtte.

Jamn første
Dommar Jan Tore Fjørtoft (Brattvåg) bles kampen i gong og spelet gjekk føre seg på midtbana i vel 5 minutt, før Brattvåg skulle få sin første sjanse, men vart stoppa av keeper. Etter dette heldt gjestane fram med å presse, og etter 20 minutt stod det 0-2, begge signert Vestre. Men Fjørtoft slo raskt tilbake, og reduserte med ein volley frå Svenn Even Otterlei, som fekk blod på tann og ikkje lenge etter putta Fjørtofts utlikning sikkert forbi Ole Kristian Myren i Brattvåg-målet.
Trass fleire sjansar, kom ikkje Brattvåg til ny scoring før i siste speleminutt i første omgang. Laga gjekk til pause med 2-3.

Overtak til Brattvåg
Nett som i første omgang, var Brattvåg først på hogget, og fint kombinasjonsspel mellom spissduoen, Martinus Løken og Lars Martin Vestre resulterte i ei ny nettkjenning på kvar av dei. Men Fjørtoft ville ikkje gi seg heilt endå, og Roar Fjørtoft ”sumde” seg gjennom ein ”stim” av Brattvåg-forsvararar og greidde til slutt å kjempe ballen i nota. Utover i kampen hadde Brattvåg mange gode ballar framover, men heimelaget klarerte godt, ofte ved ein ”høgtragande” og god Svenn Even Otterlei.

Siste stikk av Vestre
Etter ein lang ball frå Brattvåg si målvakt, vann Lars Martin Vestre duellen mot ein Fjørtoft-forsvarar og lobba ballen vakkert over ein feilplassert ”vikar” i Fjørtoft-målet. Dermed enda kampen 3-6. Juryen ville etter kampen framheve spelarar som Svenn Even Otterlei (16), Magnus Bringsvor(16) og Herrelag-debutant Oddbjørn Reenskaug(15) for god innsats og gode prestasjonar.

Sesong: 2006

Velg andre kampar:



Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar