« 01.06.2006 »

Herrer 7'er

FJØRTOFT

1-4

ØRSKOG


Om kampen

Fjørtoft herrelag tok imot Ørskog på Fjørtoft Stadion onsdag. Fjørtoft stilte kun med åtte spelarar og vart med dette sterkt redusert. Kampen enda til slutt 1-4.

Dårleg start på sesongen
Etter ein dårleg start på sesongen var det eit tafatt Fjørtoft Herrelag som tok imot Ørskog til kamp. Åtte oppmøtte spelarar for heimelaget gjorde ikkje motivasjonen sterkare.

Ørskog best i første
Ørskog åpna sterkast og det meste av spelet gjekk føre seg på heimelaget sin banehalvdel. Første mål var eit hardt velplassert skot opp i høgre kryss. Etter dette såg vi eit tidvis skjerpa Fjørtoft-lag prøve på kontringar og raid som gjekk ut i intet. Heimelaget som vart fort slitne p.g.a. det låge oppmøtet av spelarar vart liggande att framme og Ørskog hadde store rom å spele på bake, og utnytta dette til å putte på eitt mål til. Laga gjekk til pause med 0-2.

Redusering
Også i andre omgang var det Ørskog som dominerte spelet og fekk ei tidleg scoring. Fjørtoft-forsvararane var i byrjinga mest opptatt med å lempe ut ballar frå eigen 7-meter, men kom seg oppover på bana utover i omgangen. Reduseringa kom ved Svenn Even Otterlei som sendte av garde ei kanon som enda klint opp i vinkelen bak ein sjanselaus Ørskog-målvakt. Kampen var tam mot slutten men i eit av dei siste speleminutta gjorde mangel på kommunikasjon mellom forsvararar og keeper at den midlertidige Fjørtoft-keeperen, Magnus Bringsvor måtte plukke ut ein fjerde ball frå målet.

Sesong: 2006

Velg andre kampar:



Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar