24
APR
  STORDAL/ØRSKOG
FJØRTOFT
 19:00
 
01
MAI
  SERIEOPNING
HANO (B)
 18:30
 

« 15.06.2006 »

Herrer 7'er

SKODJE

3-1

FJØRTOFT



Det var eit tent og sigersmotivert Fjørtoft-lag som gjesta Skodje stadion fredag kveld. Fjørtoft hadde overtaket i store delar av kampen, men hadde ikkje marginane på si side. Kampen enda 3-1 i Skodje sitt favør.

Tidleg scoring
Fjørtoft starta kampen bra og heldt presset oppe. Spelet var godt og dei hadde mange moglegheiter før Even Uri putta 1-0 målet sikkert bak ein utspelt Skodje-keeper. Bortelaget hadde ballen mest, men slurvete pasningsspel gjorde sitt til at vertane skulle få putte fleire mål før pause. Utlikninga kom då ein sjanselaus målvakt, Jan Andre Møst, stod åleine igjen med 4 Skodje-angriparar. Etter dette putta Skodje to til etter kontringar.

Taktisk forandring
I pausen vart det vedtatt forandring i Fjørtoft sin formasjon frå 2-2-2 til 1-2-1-2. Dette skulle vise seg å vere svært lurt frå Fjørtoft si side. Sidebackane låg nesten heilt oppe på midtbana og nekta Skodje rom, og om dei skulle komme seg fram så låg sweeperen og feia vekk alle ballar. Vertane hadde derfor store problem med eit hardtpressande og målsugent Fjørtoft-lag, men det ville seg ikkje. Gjestane såg avlutning etter avslutning ende anten i stolpen via keeper, nettveggen eller tverrliggeren.

Tungt tap
Fjørtoft måtte til slutt innsjå at kampen enda med ein ufortjent 3-1 siger til Skodje.
Dette var herrelagets siste kamp før ferien, men oppmann Egil Davik melder til ftil.net at det vil kome til å bli spelt ein del treningskampar i ferien.


Fjørtoft-forsvaret i eit avvergingsforsøk i første omgang


Jan Andre Møst gjorde ein god jobb i mål


Kurt Wilhelm Vadseth var trass stillinga til pause svært positiv...


...Og lovde vekk sine medbragte Mokkabønner til dei som scora i andre omgang.


Her ser vi eit Fjørtoft-frispark i andre omgang.


Gjestane var verkeleg på høgget no.


Fin skytestil av Magnus Bringsvor


Dette var god hjelp i avslapningsfasen etter kampen.

Sesong: 2006

Velg andre kampar:



Sponsorar

Støtt våre sponsorar. Klikk på logo for å besøke nettsida deira.

Hovudsponsorar 

 Sponsorar